Utforsk våre produksjonar og sjå kva som skjer

Gå til kommune eller skule

DKS - Hordaland

Hordaland fylkeskommune

Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen

Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen

Telefon: 55 23 90 00

E-post:DKS@hfk.no

Tal på produksjonar: 53

  • Alle
  • Grunnskule
  • VGS

"Det magiske skrinet" - på bokbåten Epos, sørturen H19

Litteratur, Trinn: 1-7
Hausten 2019:  5.  t.o.m.  15. novemberHar du høyrd om det magiske skrinet som Nina har arva av morfaren sin?
Han var sjømann og reiste rundt på dei sju hav, og det magiske skrinet hadde han med seg heim ein gong for lenge sidan. Det gamle skrinet inneheld små ting med eventyr frå fjernt og nært. I framsyninga får publikum både høyre eventyr og fortelingar frå røynda. Nina har også med seg gitaren og inviterer tilhøyrarane med til å syngje.På www.bokbaten.no finn de felles nettstad for bokbåten i to av Vestlandsfylka. Her finn de informasjon om bokbåttenesta, rutetider, og kulturprogram. Bilete viser glimt frå bokbåten i drift og frå livet om bord. Nettstaden inneheld også ei kartteneste der ein kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.Direktelenkje til kulturprogrammet på bokbåten.

"Forestilte fremtider" - Bergen Assembly 2019

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
«Forestilte framtider»- Eit utfordrande og inspirerande møte med samtidskunstenHordaland er kvart tredje år vertsfylke for eit stort internasjonalt samtidskunstprosjekt – Bergen Assembly. Det gir oss ein sjeldan sjanse til å dykke inn i den spanande og utfordrande samtidskunsten. Vi inviterer med dette til to timar med formidling i utstillinga ​​​​​​​Actually, the Dead Are Not Dead , og møtast i det nye fleirbruksrommet Belgin i Bergen (KODE 2) til omvising i utstillinga. Internasjonale og samfunnsrelevante kunstverk vil vera utgangspunkt for ei felles refleksjon rundt ei mogleg framtid.I denne utstillinga vil elevane i vidaregåande skule møte elevar i 1.-3. klasse i grunnskulen. Saman med formidlarar vil dei leggje ut på ei fantasireise til fortida – til det som ikkje finst lengre, og til framtida – til det som ikkje er her enno...
  • Korleis kan kunst hjelpe oss til å sjå for oss framtida?
  • Kan kunst få oss til å reflektere over verda slik ho er i dag?
Produksjonen egnar seg både for yrkesfag og studieførebuande då formidlinga kan knytast til både samfunnsfag og norsk, og gjerne også andre fagfelt. Den er også egna for programfag som Design og handverk, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur og Medier og kommunikasjon.Tidlegare har Bergen Assembly arbeida saman med Fusa vidaregåande skule, Smørås barneskole og Kronstad barneskole for å utvikle dette formidlingsprosjektet. Prosjektet vil vera grunnlaget for eit forskingsprosjekt som er støtta av Kulturtanken og Praktisk-pedagogisk utdanning ved Fakultet for kunst, musikk og design, Universitetet i Bergen. Resultatet vil bli publisert i ei rapport i løpet av 2020.

"Skummel musikk" - på bokbåten Epos, nordturen H19

Musikk, Trinn: 1-7
Hausten 2019:  18.  t.o.m.  27. novemberHar du blitt redd av musikk? Sindre likar skummel musikk, men er det musikken som er skummel? Eller blir musikken skummel saman med ei historie? Me veit at ein film kan bli skumlare med skummel musikk, men kan musikk som ikkje er skummel bli det med den rette historia?Alt dette lurar Sindre på. Derfor vil han leite etter komponistane sine skumle triks, med god hjelp av gitar og andre instrument. Til slutt i konserten speler Sindre den skumlaste musikken han kan, nesten utan å bli redd, og som publikum må bruke sin eigen fantasi til å lage ei historie til.På www.bokbaten.no finn de felles nettstad for bokbåten i to av Vestlandsfylka. Her finn de informasjon om bokbåttenesta, rutetider, og kulturprogram. Bilete viser glimt frå bokbåten i drift og frå livet om bord. Nettstaden inneheld også ei kartteneste der ein kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.Direktelenkje til kulturprogrammet på bokbåten.

Apollo - et lokomotiv på månen H19

Litteratur, Trinn: 5-7
"Apollo - et lokomotiv på månen" er eit forfattarbesøk med opplesing, forteljing og samtale, fantastiske historier og spennande heltar og inspirasjon. I 2019 er det femti  år sidan det første mennesket landa på månen. I Apollo får vi høyre den sanne historia om korleis dette gjekk til, og ikkje minst kva for ei rolle ein modelljernbaneprodusent i Norge hadde i månelandinga. For Neil Armstrong var slettes ikkje første mann på månen.Den første som sette sine bein der var ein norsk gut på tolv år!

Augneblinksmusikk

Musikk, Trinn: 2-3
Ein "pop-up" konsert som skal kome overraskande på elevane. Ingen informasjon på førehand!Tenk at ny musikk kan oppstå her og no, og at vi kan kommunisere gjennom musikken! Dette er ein heilakustisk, nærværande intimkonsert, som ein kontrast til vår digitaliserte kvardag. Kun 30 elevar per konsert.Det blir leikande musikk med grooves, rytmar, gøye lydar som elevane sjølve er vant til å bruke, som å spele på slurva, klikke med tunga osv. Elevane får vere den loopmaskina vi gløymde å ta med oss, og vi dirigere dei på og av. Vi brukar også sangar som ungane kjenner godt, men i heilt ny musikalsk innpakning.Vi ønskar at elevane skal hugse denne timen som eit nært, leikande musisk augneblink.

Awesomnia "Tar over di verd"

Musikk, Trinn: 8-10
- Eg har alltid stått opp for meg og mine. Eg har aldri heldt kjeft om mine meiningar. Det seier Maria "LOTUS" Karlsen, frontkvinne i hiphop-gruppa Awesomnia. Frontkvinne, seier du? I ei hiphop-gruppe? Jepp! Det er ikkje mange av dei, men LOTUS er definitivt ei.- Aldri ver stille. Ver så snill, bruk stemma di, ikkje ver redd! seier ho, og det kan du høyre i musikken hennar også. Dette er hiphop med meining. Awesomnia består av beatboxer Beatur frå Island og Nick Hatch frå Australia på trommer. Saman skapar Awesomnia aggressiv, smooth og sjølvsikker hiphop med klåre innslag av både g-funk og dancehall.Følg hjartet ditt og la aldri frykten stå i vegen for deg og dine draumar! Om du fell, må du reise deg opp att, og så vil du lykkast til slutt! Awesomnia. - "Det ble en fantastisk konsert, publikumet var helt med. Det er en ting å ha et budskap, men å formidle det på en sånn dyktig måte er et annet! Det var topp!!" - Frøya Kulturskole

Bach goes hip hop V19

Musikk, Trinn: 1-7
Endeleg skal Werner få framføre musikk skriven av sin favorittkomponist, Johann Sebastian Bach. Musikken er komponert spesielt for Werner sitt elskede instrument, celloen!  I salen sit eit lydhørt publikum! Alt ligg til rette for ein flott klassisk konsert. Hadde det ikkje vore for David og Ole Petter... Dei har hovudet fylt av heilt andre ting!

Bach goes hip hop V20

Musikk, Trinn: 1-7
Endeleg skal Werner få framføre musikk skriven av sin favorittkomponist, Johann Sebastian Bach. Musikken er komponert spesielt for Werner sitt elskede instrument, celloen!  I salen sit eit lydhørt publikum! Alt ligg til rette for ein flott klassisk konsert. Hadde det ikkje vore for David og Ole Petter... Dei har hovudet fylt av heilt andre ting!

Baluba Runa - frå idé til film til bok - H19

Film, Trinn: 1-4
Manusforfatter Nick Hegreberg besøker skulen. Med seg har han kortfilmen Baluba Runa, som han har skrive manus til. Baluba Runa er ein internasjonalt prislønna kortfilm for barn der ein møter 8 år gamle Runa, ei samvitsfull jente med rik fantasi som blir overtydd om at ho kjem til å bli valdt til ny statsminister i Noreg.I starten snakkar Nick om livet som forfattar og manusforfattar, korleis ein typisk kvardag ser ut og skilnaden på det å skrive bok og det å skrive for film. Han snakkar om vegen frå idé, via historie og manus, til film. Og han forteljer den underhaldande historia om korleis han fekk ideen til denne filmen frå ein kompis som var livredd ordføreren i Stavanger på 1980-talet. Nick viser elevane korleis eit filmmanus ser ut, og les høgt frå opningsscena. Heile filmen vert vist, og i etterkant diskuterer han og elevane filmen i lys av den opprinnelige idéen.

Bandi finner en baby til en mamma - V20

Annet, Trinn: 1-4
I framsyninga «Bandi - finner en baby til en mamma» møter me Balita og Sarah. Dei kjem for å fortelje om Bandii. Han vaks opp i Kongo saman med mor si. Mora arbeidde som jordmor ved fødeavdelinga på eit lokalt sjukehus. Josephine, ei venninne av mora, ønskjer seg sterkt ein baby. Bandi vil hjelpe Josephine med å få ein baby.
Historia er inspirert av Balita sin barndom kring fødeavdelinga i KongoBandi ser verda gjennom sine auge, og han lyer med sine øyre.

City-Tech: SONORATEC! H19

Visuell kunst, Trinn: 7
City-Tech: SONORATEC! er ein verkstad av Piksel som går føre seg i Piksel KidZ Lab, eit kunstnarleg laboratorium der born og unge kan lære å skape kunstverk på nye medier.
I verkstaden får elevane leike med kunst og elektronikk. Dei lærer om grunnleggande elektroinikk for å lage lyd til teikna bilete; leiker som lysar; plastpiano med meir. - Alt laga av resirklert materiale.Med forskjellig teknisk utstyr eksperimenterer elevane med ledlys, straumkretsar, lyd, grafikk, kreativ skriving og mykre meir. 
Teknologien som vert nytta er open. Gjennom verkstaden kan elevane betre forstå korleis datamaskiner fungerer, og bli kjend med omgrep knytt til digital fridom.

De døde ser deg - i overvåkningens tid

Litteratur, Trinn: 8-10
Kva er eit overvakingssamfunn?  Lever vi i eit overvakingssamfunn?Korleis er det å vere ung i eit samfunn der inga hemmelegheiter er trygge, og der alle overvakar alle - også dei døde?  "De døde ser deg" (Cappelen Damm, 2017) er ien futuristisk, overnaturleg thriller som handlar om overvakingssamfunnet og privatliv i den digitale kvardagen. Liv er ein nekromantikar, ein som kan mane fram spøkelse. Ein dag blir ho og ei gruppe ungdommar kidnappa av den unge gründeren Everest Brox, mannen bak nettsamfunnet Oculink. Han ønskjer å bruke spøkelse som spionar og på den måten samle informasjon om alt og alle.

Alexander Løken tek utgangspunkt i "De døde ser deg" og legg opp til drøfting av det aktuelle temaet, overvaking.  Han viser korleis tema er behandla i litteratur og film, (mellom anna i "1984" av George Orwell ),  gjenom historiske eksempel på overvaking - også i nyare tid - til meir gjenkjennelege eksempel frå ungdommen sin kvardag med bruk av internet og sosiale media.Overvaking er eit brennheitt tema og ei av dei store utfordringane i vår tid . Forfattaren ynskjer å gjere elevane meir medvitne om temaet gjennom høgtlesing frå boka og samtale.  

Alexander fortell om korleis han jobbar, om inspirasjonskjelder og idéprosessen som ligg bak arbeidet med å skrive bøker for barn og ungdom.

Du og jeg og vi 2 - 3 - 4 V20

Musikk, Trinn: 1-4
Du og jeg og vi 2 – 3 – 4 er ein groovy barnekonsert som lærer publikum å klappe på 2 og 4!Trioen har med seg sjølvskrivne låtar der ein mellom anna får møte Mr. Regnværssky som ikkje føler seg heime nokon annan stad enn i ørkenen, og gamle fru Rosenstrøm som ikkje er som andre fruer – ho pønskar nemleg på å rane banken (!). Låtane har stor sjangerbreidd; eksempelvis ei ballade om livet i havet, ein skikkeleg boogie-låt om promping (Fjerteprompeboogie) og ein folkemusikk-inspirert låt som heiter Skiløypeslått. Likevel er det ein raud tråd som går igjen, og det er eit ønske om å lære barn (og lærarar) å klappe på 2 og 4. Bli med på Klappjakt og klapp grooven på plass!
"Vi har eit litt humoristisk mål om å lære barna å klappe på 2 og 4, noko vi meiner er viktig i dag då mange foreldre klappar notorisk på 1 og 3. Det er også viktig for oss å fokusere på improvisasjon og fridom, og vi som er musikarar i prosjektet har alle høgare utdanning innan rytmisk musikk og improvisasjon - og likar å leike oss i det musikalske landskapet.

I 2015 ga dei ut si første plate "Krokodille i baksetet", og snart er dei klare med ei ny!

Echo Flux (Carte Blanche AS)

Scenekunst, Trinn: 8-10
Echo Flux er ei dobbeltførestilling med fokus på relasjonar mellom dans og musikk. I denne framsyninga viser Carte Blanche fyrste del «The departed Heart» av koreograf Alban Richard (FR) og Sebastian Rivas (AR). Utgangspunktet er å skape lyd og rytmar av pust og bevegelse. Dansarane sin pust i forskjellige tonar kan bli til musikk i ein mekanisk, pustande installasjon på scenen.
Det vil vere ein introduksjon til framsyninga der relasjonen mellom dans og lyd vert presentert og demonstrert.  

Edith V20

Annet, Trinn: 1-7
Har du hørt om den gamle kona som heiter Edith? Ho er ei meget fin, stolt og respektabel frue frå ein fornem familie i Oslo.Men, korleis er ho til å danse, og er det eigentleg noko stas å danse med ho? Dette lurer Jon veldig på. Jon elskar å danse, spele munnharpe og leike med alle som han møter på sin veg. Ein dag finn han Edith, litt bortgøymt og gløymt, og han prøver om det er mogleg å danse med ho. Johanne hjelper Jon så godt ho kan, for ho er nemleg ein meistar på å lokke fram danselysta med felene sine. Her blir det fartsfylte krumspring og eggjande musikk.

Ei reise til steinalderen - H19

Kulturarv, Trinn: 5-7
Ei reise til steinalderen er eit aktivitetsbasert undervisningsopplegg der elevane lærer om livet i steinalderen gjennom praktiske aktivitetar. Opplegget tek utgangspunkt i ei utstyrspakke som inneheld fungerande replikas av reiskap og våpen frå steinalderen, i hovudsak basert på lokale funn. Utstyrspakka inneheld alt frå pilar med autentiske steinspissar og velfungerande steinøkser, til harpunar, fiskekrokar og synåler av bein. - Mykje av det utstyret steinaldermenneska trong i sitt daglege liv. Aktivitetar: bogeskytng med trebogar av steinaldertype og produksjon av reiskap, våpen og fiskeutstyr frå steinalderen. Elevane får mellom anna hogge skarpe reiskap av flint, slik dei gjorde det i steinalderen. Det er naudsynt at lærarane deltek aktivt, og at elevane er kledde etter været.

Eit annleis forfattarbesøk - H19

Litteratur, Trinn: 1-4
Heksagon og Padde-Boboz handlar om den klønete heksa Heksagon og hennar beste og verste ven; klovnen Boboz.Ein dag får Boboz eit brev frå sirkuset han ein gong jobba ved; Sirkusdirektør Krake vil at Boboz skal koma tilbake. Men viss Boboz reiser - kven skal være venen til Heksagon då? Sjalusiens grøne klør slår ned i Heksagon då Boboz fortel om klovnejenta Penny, som skal spele triangel medan han gjer sykkelkunster på sirkus. Korleis kan Heksagon forhindra Boboz i å reise? Framsyninga tek vare på  og formidlar den gode historia. Før framsyninga fortel forfattaren litt om det å vere forfattar, om å skape historier og om korleis bøker vert til.Forfattaren av bøkene, Christin Grilstad Prøis spelar sjølv og har med seg musiker Pål Prøis. Dette forfattarbesøket inneheld mykje sang og musikk og er vel så mykje ei teaterførestilling. Framsyninga er basert på ein serie på fem bøker utgitt i leseløvekonseptet til CappelenDamm. 

Eit annleis teikneseriekurs - H19

Visuell kunst, Trinn: 5-6
Nokre kan gjerne oppleve det ein kan kalle teiknevegring. - Ein blir over måte medviten eigne teikneferdigeiter, og slutter kanskje å teikne. Eit annleis teikneseriekurs ufarleggjer teikning ved å leggje vekt på det som ligg bak teikningene: eit heilt unikt, visuelt språk. Teikneserier handler om mykje meir enn "flotte" teikninger!I dette teikneseriekurset lærer elevene mellom anna om historia til teikneseria som medie. Dei lærer om ikoner og symboler, korleis ein lager figurer av enkle og/eller tilfeldige former og historier. Elevene får også prøve profesjonelt teikneserieutstyr. I Eit annleis teineseriekurs lærer ein å "skrive" historier med teikninger. 

Eit magisk møte med lyset H19

Visuell kunst, Trinn: 5-7
Elevane får ein dag med praktisk møte med forming, naturfag, fysikk, kjemi og... magi.Kva skapar biletet vi får i eit kamera? Sjølve magien ved fotografiet som forlengst er forsvunne i den digitale verda.
Elevane bygger sitt eige kamera i papp (ferdig utstansa, sett saman med tape). Dei fotograferer eit bilete på fotopapir, og får vera med når me framkallar i mørkerom. Dette papirnegativet lagar eg eit positivt bilete av. Å sjå sitt eige bilete dukke fram på det kvite papiret er sjeldan i våre dagar. Elevane er aktive deltakarar heile vegen, får sjå at ein kan lage bilete ved hjelp av eit kamera dei har laga sjølv, og som verken har linse eller er digitalt. I tillegg får dei oppleve resultatet av møta mellom lys, sølv og kjemi. I opplegget er elevane aktive. Dei sit ikkje berre og høyrer og ser, men deltek reint fysisk. Kunst og handverk, fysikk og kjemi i kombinasjon. 

Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt H19 V20

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
Eit konsertsamarbeid. Forfattaren Erlend O. Nødtvedt les eigne tekster frå blant anna boka "Vestlandet" i samspel med Erlend Apneseth Trio sin særeigne musikk. Under opninga av Litterarturhuset i Bergen (2009) vart forfattaren og trioen spurde om dei kunne gjere eit felles innslag. Dei oppdaga fort at dei fungerte godt saman både kunstnarleg og sosialt, og sidan har dei følgt kvarandre. Trioen har spela på Nødtvedt sine boklanseringar, og Erlend Apneseth trio har invitert forfattaren til å lese til deira musikk.
  • Erlend Apneseth Trio har dei siste åra etablert seg som den kanskje aller mest nyskapande konstellasjonen her i landet. 
  • «Vestlandet» er Nødtvedt sin første roman, den har hausta ei mengde godord.
To kameratar køyrer Vestlandet rundt i ein gul Toyota. I bagasjerommet ligg hovudskallen til bondeopprørar Anders Lysne, som dei vil føre til Lærdal, der han høyrer heime. Dette er utgangspunktet for romanen 'Vestlandet'; ein «hysterisk heisatur gjennom språk og landskap», som har begeistra bokmeldarar og lesarar landet rundt. (Marta Norheim, NRK) Romanen teiknar eit burlesk og regnvått portrett av menneske og landskap i denne opplesingskonserten ved forfattar Erlend O. Nødtvedt, musisert av Erlend Apneseth Trio.​​​​​​​Musikkvideoen "Lysne" med Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt:  ​​​​​​​https://www.youtube.com/watch?v=y-mCO0Qs4z8​​​​​​​

Et blikk på hverandre

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
Kunstverkstad og kunstproduksjon med lyd og bilete for elevar med trong for tilrettelegging.Det er ikkje lett å bli kjend med seg sjølv i vårt moderne samfunn som beveger seg så raskt framover. Kven er vi, eigentleg? Kva del av oss definerer oss som menneskje? Er det armen eller beinet vårt, hjernen, rullestolen eller mobilen? Og korleis oppfattar andre oss? Kva er det viktigaste våre vener og kjende vil framheve når dei skal skildre oss som heile menneskje?Desse sentrale, men ofte oversedde spørsmåla er det utøvarane nærmar seg gjennom arbeid med lyd og bilete saman med elevane i «Et blikk på hverandre»:
​Vi rettleier og bidreg til arbeidet når barn og unge med behov for tilrettelegging skal portrettere kvarandre nært og ærleg med fotografi og lydlandskap. Å opne seg sjølv for portrettering er sårbart og krev mot og styrke. Vi håpar, gjennom den kunstnarlege prosessen, å finna fram til både motet og styrken.I løpet av to skuledagar skapar utøvarane saman med elevane eit nært portrett av elevgruppa som deltek på kunstverkstaden. Portretta består av ein serie fotografi i tillegg til skildrande lydlandskap og musikk. Kunstverkstaden vektlegg gleda i å skape eit kunstnarleg produkt og presentere det for eit publikum. I tillegg er dette eit produkt som i høg grad er personleg, og som tyder mykje både for den som blir portrettert, og den som portretterer.
Resultatet blir ein videoproduksjon med lydlandskap. Etter ferdig arbeid blir produksjonen vist for dei medverkande og eit utvald publikum på skulen.I ”Et blikk på hverandre” skal alle som deltek, bli portrettert og sjølv portrettere ein medelev. Måten dette blir gjort på, kan i stor grad bli tilpassa den einskilde sine fysiske og psykiske utfordringar. Med utgangspunkt i to sansar, høyrsle og syn, vil vi vektleggje det som betyr mest for den som portretterer eller blir portrettert.

Fargespill 15 år - jubileumsframsyning!

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Fargespill inviterer til jubileumsframsyning i Grieghallen:Fargespill har nådd konfirmasjonsalderen og vi er klare til å trø inn i dei vaksne sine rekkjer og stadfeste vår tru. Lite ante vi då vi i 2004 laga den fyrste Fargespillframsyninga på oppdrag frå Festspillene i Bergen, at vi ein dag skulle oppleve at prosjektet hadde spreidd seg til byar og kommunar i heile Noreg, at 450 000 publikum over heile landet hadde vore innom framsyningane, at 4000 born og unge hadde stått på scena og at Fargespill på toppen av det heile skulle bli nominert til Nobels Fredspris.Det markerer vi med ei staseleg jubileumsframsyning!For kvart år har vi lært og utvikla oss, og no når vi har nådd konfirmasjonsalderen er det fargespelarane sjølve som eig det som går føre seg på scena. Dei er involverte i koreografi, instruksjon og komposisjon. Rap og hip hop er viktige ingrediensar i framsyninga, og fleire av fargespelarane har itvikla sjølvstendige artist-karrierer og blitt profilerte aktørar på den norske musikkarenaen. I tillegg til eksterne gjesteartistar vil dei framføre eigne låtar saman med heile fargespillensemblet.Jubileumsframsyninga tar i bruk nye verkemiddel for å syne oss Fargespill si sjel, samstundes får vi ein peikepinn på kva vi kan vente dei neste 15 åra. Og at handlar om identitet. Menneskje som gjennom musikk og dans fortel om sine liv og sine røter, med eit intens nærvære som får både publikum og kritikarar til å juble utan reservasjonar.  Unge menneskje som fortel unge menneskje at dei kan nytte deira unike identitet til å erobre verda!

Filmhjelp.no - H19

Film, Trinn: 8-10
Premisset for Filmhjelp.no er at alle kan lage film med det utstyret dei har sjølv eller får lånt. Heimesida er bygd opp med tanke på at ein mobiltelefon er det einaste elevane har tilgjengeleg, og elevane får sjå korleis dei kan lage film utan at det kostar noko.Verkstaden startar med eit kjappt foredrag om filmteori. Etter det deltek elevane i ei kreativ økt kor dei kan utforme sine eigne idéar, og teiknar storyboard før dei realiserar filmane sine. Når filmane er redigert, er dei klare til framsyning.I løpet av verkstaden vil kurshalderane ta føre seg dei mest grunnleggande trekka ved filmarbeid, og dei tek elevane med på ei reise frå idé til ferdig produkt. Filmhjelp.no er ei støtteside for ungdom om filmproduksjon og sida vil bli aktivt bruka under verkstaden.«Å uttrykkje seg med levande bilete og forstå visuell kommunikasjon kan i dagens samfunn likestillast med å lese og skrive.» (St.meld. 38 (2002-2003): Den kulturelle skulesekken). Dette 10 år gamle sitatet har ikkje blitt mindre sant med åra, og digital teknologi er i dag ein viktig del av skulekvardag og fritid for elevar (og lærarar).  I Kunnskapsløftet er digitale ferdigheiter ein av fem grunnleggande ferdigheiter, slik formulert i læreplanen for norsk:"Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner."Liknande formuleringar finn vi andre læreplanar.Den digitale revolusjonen har gjort filmmediet tilgjengeleg for dei fleste. Med enkle tastetrykk på ein smarttelefon eller eit kompaktkamera kan vi i dag filme med ein kvalitet som for få år sidan berre var mogleg for profesjonelle. Dette opnar for mange moglegheiter i opplæringa.Filmhjelp.no vil vise korleis vi kan utnytte kvardagsteknologien til å lage film i ulike sjangrar og fag. Gjennom demonstrasjonar og praktiske øvingar vil elevane både få opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel, og bli tryggare både framfor og bak kamera. Skulane vil også få tilgang til ein støtteblogg med materiale som vil gje høve til å fordjupe seg i dei ulike sidene ved å lage film.I St.meld. 48 (2002-2003): Kulturpolitikk fram mot 2014 heiter det: «Vurdert i høve til publikumsoppslutning på kino, video og fjernsyn er filmen det viktigaste kulturuttrykket i vår tid.» Opplegget Filmhjelp.no  er ledd i arbeidet for å gjere elevane meir medvitne dei moglegheitene filmen gir, og inspirerer til sjølvstendig utforsking av filmmediet.

Filmtalenter - V20

Film, Trinn: 6-7
Målsettinga med Filmtalenter er å la elevane lære og erfare det grunnleggande innan filmproduksjon på ein praktisk måte. Gjennom filmkurset får dei stimulert og utvikla evner som kommunikasjon, samarbeid, språk og kreativitet, og evne til å fortelje si eiga historie.Dette kurset gir elevane på ein engasjerande og aktiviserande måte eit innblikk i korleis ein film vert til. Etter end skuledag vil elevane ha vore borti:- Korleis førebuinga fungerer
- Bruk av kamera for å fortelje historier med levande bilete
- Bruk av ulike vinklar og utsnitt som verkemiddel
- Ulike roller innan filmproduksjon; Kva gjer regissøren, fotografen og skodespelaren?
- Korleis ein organiserer ein opptakssituasjonEtter kurset vil elevane vere i stand til å lage eigne filmar, om så med mobiltelefon og gratis klippeprogram.

Full fart med Rine og Ravi H19

Litteratur, Trinn: 1-4
Framsyninga tek utgangspunkt i bøkene Epleslang og Full fart som kom ut i 2015 og 2016. Bøkene handlar om Rine, Ravi og Lærar-Knut, og dei situasjonane som kan oppstå når ein har ein lærar som meiner fred og ro er det kjedelegaste i verda.Gjennom samtale vil forfattar Vegard Markhus gje elevane eit innblikk i tankar og arbeid som ligg bak bøkene. Bøkene vert lest med illustrasjonar på lerret, og det heile vert ramma inn av eit knippe nyskrivne songar: Lærar-Knut ville aldri ha godteke 45 min utan ein dose rockn`n roll og dans!

Hei, eg er eit dikt!

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Eit improviserande og skrivestimulerande forfattarbesøk som utforskar dikting i praksis, og inviterer til aktiv elevmedverknad gjennom skriftlege og munnlege språkøvingar.Forfattar og musikar Per Ivar Martinsen brukar dikt og sanglyrikk til å skape ein kreativ atmosfære og syne korleis ein tar penna fatt og diktar sjølve. Saman med elevane blir det reflektert kring litterære tekstar; skal eit dikt helst følgje eller bryte reglar, må ein sangtekst rime, kva gjer éin tekst meir spanande enn ein annan?Kreative prosessar oppstår gjennom dialog kring tidlause tema: Å sjå og bli sett, venskap og samhald, ynskje og uro for framtida, kjønnsroller, identitet, det multikulturelle, relasjonar til vaksne, det enkle og det vanskelege, humor og alvor, og gjerne det vi kallar kjærleik...Vårt språklege mangfald av dialektar, morsmål, munnleg språk og slang medverkar til dei ulike forfattarane sin originalitet – vi har alle noko på hjarta, små og store historier å fortelje, og vi vel sjølve kva toneleie vi formidlar i.Deltakarane blir oppfordra til å spisse øyra og delta aktivt, med kreativ tilnærming til norskfaget sine sjangrar og verkemiddel, form og innhald – og dei som ynskjer får høve til friviljug opplesing av nyskriven tekst."Hei, eg er eit dikt!" fordrar inga tidlegare skrive-erfaring. Grammatikk, rettskriving og fasit blir sette i midlertidig parentes. Viktigaste er at ein byr på seg sjølve, og bidreg til ein positiv gruppedynamikk med nyfikne for språket sine tallause moglegheiter.Per Ivar har òg brei erfaring med besøk hjå tilrettelagte grupper i vgs. "Hei, eg er eit dikt!" høver like godt for desse elevgruppene, og bidreg til positive felleserfaringar, med sosialt, pedagogisk og kunstnarleg utbyte.

Hockeysveis fører til dårlige rim V20

Litteratur, Trinn: 5-7
Siv Wyller fortel i boka "Hockeysveis fører til dårlige rim" om den forelska frisøren Lazze som klipper hockeysveis på alle i byen. Lazze er den store helten i byen, dansebandentusiast og sjarmør som gjerne snakkar i rim. I boka får Lazze problem på mange frontar. Men han veit råd: Han søker hjelp hos dansebandkongen Lasse Stefans!Når Siv kjem på besøk i klassa, fortel ho frå boka og illustrerer med bilete og eigna musikk. Deretter får elevane ta del i ein skriveverkstad. Elevane får jobbe med ulike skriveøvingar inspirert av drama, improvisasjon og rørsle til musikk. Resultatet skal framførast munnleg eller gjennom teikning/tekst. Gjennom å nytte kostyme og prøve seg fram med opplesingsarena, vert det ufarleg og morosamt å syne fram for klassa. 

Krim for ungdom H19/V20

Litteratur, Trinn: 8-10
Med utgangspunkt i spenningsbøkene SNATCH, GAMER og DRONEN fortel forfattar Tor Arve Røssland om korleis desse to bøkene blei til. Korleis han brukte si latterleg omfattande erfaring med dataspel då han skreiv GAMER. Og korleis han mentalt måtte bli ein skurk for å skrive SNATCH. To erfaringar han ikkje ville vore forutan.Når det gjeld GAMER, tar forfattaren opp problemstillingar rundt dataspeling og høyrer elevane sine erfaringar med dette.Når det gjeld SNATCH, går han inn på det moralske dilemmaet som hovudpersonane er i: Kor langt ville du gått for å hjelpe dei du er glad i? Ville du blitt kriminell om det var siste utveg? Kvifor likar vi å lese om slike ting vi aldri ville gjort i verkelegheita?Det er likevel DRONEN som blir via mest tid. Boka handlar om ein ung gut som blir radikalisert inn i eit farleg nasjonalistisk miljø. Dette vil garantert skape diskusjon!Bøkene har korte setningar, slik at dei er lette å lese, og dei vil fange spesielt gutar med tematikk og innhald. DRONEN er ei bok som vil provosere, og tematikken rundt rasisme er diverre aktuell.

Kven drap Birgitte Tengs? V20

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Denne produksjonen er eitt av elevane sine val - vald direkte til programmet av skuleelevar.
Eit drap er uoppklara – kva veit vi eigentleg om sanninga?Natt til 6. mai 1995 blei 17 år gamle Birgitte Tengs drepen, berre fem hundre meter frå heimen. Den unge Karmøy-jenta blei seksuelt misbrukt og utsett for brutal vald. I meir enn halvanna år slit politiet med å analysere hår- og bilspor.Det er krise i politiet si etterforsking inntil tekniske bevis blir forkasta og Birgitte sin nitten år gamle fetter blir teken inn til avhøyr. Etter veker i isolasjon tilstår han eit drap han ikkje kan hugse han har utført. Seinare trekk han tilståinga. Han blir strafferettsleg frikjend, men dømd til å betale erstatning til Birgitte sine foreldre.Dei som bur i bygda står no att med eitt spørsmål: Om ikkje fetteren drap Birgitte, kven hadde då gjort det?  Svaret har vi ikkje fått, og drapet på Birgitte ble aldri oppklara.Forfattaren Bjørn Olav Jahr fortel historia bak historia. Han fortel mellom anna om Birgitte, om polititaktiske feilgrep og om hjernevask under avhøyr; hendingar bak fetteren si tilståing.I denne produksjonen blir elevane utfordra til sjølve å utøve kritisk tenking til nyhende dei blir servert, til og med dei frå denne forfattaren. Verda er kan hende ikkje alltid slik vi får ho presentert?Hausten 2018 gjekk TV-dokumentarserien "Hvem drepte Birgitte Tengs", basert på Bjørn Olav si bok med same namn, på TV2.  Serien er produsert i samarbeid med filmselskapet Filmhimmelen, og Jahr var ein av to regissørar.

La clemenza di Tito av Mozart - Kjærleik i raudt, kvitt og svart (Bergen Nasjonale Opera)

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Ein "House of Cards"-opera med politiske intrigar og valdshandingar og Mozart sin musikk.Koreis skal ein politisk leiar vere?
I ei tid då kan hende makt og kontroll aldri har vore meir kritisk eksponert, blir vi presentert for Mozart sin tidlause opera der ei valdshandling blir møtt med tilgjeving. Historia er driven av sjalusi, intens kjærleik og lojalitet. Den greske regissøren Rodula Gaitanou flyttar handlinga frå antikken til terrorhandlingane i vår tid.Altoppslukande begjær blir sett inn i eit politisk drama som vore det i House of Cards, medan Mozart sin musikk leverer all venleik og heftige kjensler vi kan vente oss frå ein musikalsk meister!"Kjærleik i raudt, kvitt og svart" - introduksjonsframsyning på skulen
"​​​​​​​La clemenza di Tito" - generalprøve i Grieghallen​​​​​​​Dette tilbodet er i to delar: Ei introduksjonsfamsyning blir vist på skuleni førekant og gir innføring i operasjangeren. Deretter ser elevane sjølve framsyninga (generalprøven på) «La clemenza di Tito» i Grieghallen i Bergen.Introduksjonsframsyninga - Kjærleik i raudt, kvitt og svart:
Ei gruppe på tre kunstnarar besøker skulen og møter elevane som skal til Grieghallen. Dei viser eit program som på ein underhaldande måte presenterer tematikk og karakterar i denne operaen. Gjennom programmet blir elevane òg presenterte for opera som kunstart. I tillegg vil publikum bli kjende med komponisten og den tida han levde i.Skular som ynskjer det, får i tillegg tilbod om ein kort verkstad der elevane leikar med musikken og karakterane etter introduksjonsframsyninga.Generalprøven -  Grieghallen:
​På generalprøven i Grieghallen i Bergen 19. mars er det på tide å møte den ferdige framsyninga. – Fullt orkester, kostyme, scenografi og songarane som har si siste prøve før den store premièren!

Lynfilm - Hvordan lage film på en-to-tre? - H19

Film, Trinn: 8-9
Denne produksjonen er eitt av elevane sine val - vald direkte til programmet av skuleelevar.Hergel og Nomedal vil tilby elevane ein filmverkstad som spenner frå idé til ferdig klippa film på 4 skuletimer.  Fokus vil vera på sjølve prosessen; Å fortelje gjennom bilde heller enn ord. Verkstaden starter med å stilla spørsmål og starte ein dialog - Kva er film, kva inneheld ein film, kven lagar film og kvifor lagar vi film.Verkstaden blir organisert i gruppar på 4-5 elevar som jobber med iPad.  Desse har utøvarane med til utlåns med ferdig installert brukarvenleg programvare.Gangen i arbeidet blir slik:1)  Intorduksjon, teori og jobbing med manus2)  Opptak (filming)3)  Klipping4)  Verdspremiere og evaluering.Målet er at elevane etter verkstaden skal vite noko om filmatiske grep som kan nyttast for å uttrykkje seg, om eit grunnleggjande filmspråk og at dei får fremma ein kildekritisk sans.

Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet

Kulturarv, Trinn: VG1-VG3
Ei forteljarframsyning om det fyrste norske emigrantfølgje som forlét Noreg 4. juli 1825.Gjennom denne forteljinga vil tilhøyrarane bli teke med tilbake til sommaren 1825. Ved Bispebrygga i Stavanger låg seglskuta Restauration fortøyd. Om bord på dekk sto eit følgje på over femti menneske, barn, ungdomar og vaksne. Dei var reiseklare, klare til å vinka eit siste farvel til slekt og venner. Og dei skulle langt, over sjølve Atlanterhavet til Amerika.
Kven var desse menneska, kvifor reiste 52 vaksne, ungdomar og born frå heimlandet sitt, korleis ble overfarten og kva skjedde vidare då dei nådde New York?
I denne framsyninga vil elevane på den eine sida få oppleva ein del av vår eiga historie – historia om draumen som det fyrste utvandrarfølgjet bar på: Draumen om eit betre liv. Det førte til at dei forlet landet sitt og blei innvandrarar i Amerika. Vegen til tankar kring grunnar til emigrasjon i våre dagar er ikkje lang.På den andre sida vil dei få oppleve forteljing som kunstform og formidlingsform. Gjennom forteljarkunsten skapar forteljaren bilete, i blant sterkare enn film, hos tilhøyrarane. Denne kunsten er rein og direkte, utan noko medium mellom avsendar og mottakar. I vår digitaliserte tid får vi oppleve at denne gamle kunsten framleis kan skapa ei stor oppleving!

Meg, Meg og Meg V20 (Th´Line)

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
I framsyninga Meg, Meg og Meg møter vi fire ulike figurar som eigentleg er ein og same person.  Dei fire personlegdomane møter einannan, og figurane utfordra kvarandre for å freiste å skjøne seg sjølv betre. Forma er leikande og sjangeroverskridande, og publikum får oppleve dans, tekst og song i kreative samanstillingar. Figurane i framsyninga er prega av prestasjonskulturen og freistar vere ei opphøgd utgåve av seg sjølve, symbolisert gjennom eit påfallande kostyme. Scenografien er i svartog  glinsnde teip frå over 900 vhs-kassettar hengjande frå stativ lik ein diger, svart foss av minne. All lyd og lys blir styrt frå scena av utøvarane og dei nyttar det aktivt som eit verkemiddel i relasjonar mellom figurane.Formen er leikande; dei dansar, snakkar og syng, og nyttar assosiasjonar frå underhaldningskultur og smal scenekunst som dukkar opp om kvarandre det er mykje humor i framsyninga, publikum skal oppleve at dei er tekne vare på, og her er eksperimentering  med korleis ein kan nytte musikk for å skape identitet og lokke fram kjensler. Dei nyttar kjende songar, Silvola sin nykomponerte musikk og musikkforslag frå publikum.Med framsyninga Meg, Meg og Meg ynskjer gruppa å bidra til at ungdom får ei inkluderande, positiv og inspirerande oppleving av eksperimentell og utforskande scenekunst. Gjennom å leike med form og sjangrar ynskjer dei å skape nyfikne for kva scenekunst kan vere, og motivere ungdomar til å skape noko sjølve.
Th'line ynskjer at ungdomane vil kjenne seg att i bileta og figurane dei skapar og får lyst til å setje ord på det dei har opplevd. 
Forslag til førebuing og etterarbeid:
Skriv frå utøvarane og nokre forslag til etterarbeid vil bli lagt som vedlegg til omtalen. 

Månelyst - teikne etter eventyr - H19

Visuell kunst, Trinn: 8-9
Denne teikneverkstaden startar med at elevane får høyre eit kinesisk eventyr fortald av formidlar Sissi Li. Elevane skal gjennom ulike teikneteknikkar lage bilete som tek for seg kvar del av eventyret.Forteljinga vert skapa på nytt når elevane sine teikningar kjem opp på veggen i rekkefølge, lik ein teikneserie. Rommet endrar seg til eit galleri og verkstaden vert høgtideleg avslutta med opning av utstillinga. 

Natur LAB - lek, lag og utforsk kunst i natur - V19

Visuell kunst, Trinn: 1-4
Det skjer noko med innstillinga til omgjevnaden når blikket vert skjerpa og utsett for nysgjerrigheit. Kunstpilotene Annette og Andre Marandon har utforska born sin bruk av natur i ein kunstsamanheng gjennom fleire land art verkstader, der deltakarane har busett myr og tre med fantasidyr inspirert av verkelege dyr. – Hoggorm og ekorn har fått nye leikekameratar laga av ein kombinasjon av tilførte materialar og naturmaterialar. Fokuset har vore på deltakarane sin medverknad, tilhøvet til staden og naturen, og korleis ein med enkle, intuitive og leikorienterte kunsthandlingar også aukar medvite om menneske sitt tilhøve til naturen. No tilbyr vi dette til skulane. Kunstpilotane kjem ikkje til skulen med eit ferdig uttenkt land art prosjekt. Dei vil i fellesskap med elevane oppsøke og synfare naturarealet som elevene har tilgang til. Med naturen som utgangspunkt vil dei saman med elevene finne måtar å ta i bruk skulen sine grøne områder, med filosofen Arne Næss sine ord; “gå inn i naturen”. Dei to utøvarane har med seg ein del materiell og verktøy som eit start kit til skulene. Ein kan lage både store installasjonar og ting i mindre skala som til eksempel figurar laga av naturmaterialar frå staden. Gjenbruk er viktig, så elevane vert oppmoda til å ta med seg materiell som kan nyttast, til eksempel garn og tekstil. Eksempel på moglege løysningar: Val av stad og kunsthandling vert bestemt av elevane sine interesser og naturen sjølv. – Nokre vil vera opptatt av klima og miljø og gjere eit prosjekt med ei sosial og politisk profil, andre vil kanskje ta utgangspunkt i lokalt dyreliv, flora og fauna. Eller ein kan lage ein jungel, skape ein camp og midlertidig flytte ut i skulen sitt grøne areal. Moglegheitene er mange, og ein treng ikkje å avgrense seg til eit tema eller eit materialval. Prosjektet er også tverrfagleg, med forgreiningar mellom anna til naturvitskap.

Nina og sommarfuglfiskane H19

Musikk, Trinn: 1-7
Nina er Nina. Ho speler gitar og syng, og det er ho som skriv songane til bandet. Sommarfuglfiskane er Ivar og Dan, og dei speler trommer og bass. Sommarfuglfiskar kan vera like fargerike og ulike som sommarfuglar. Slik er det òg med dette bandet, som blandar saman musikk og taktartar frå land som USA, Cuba, Kongo – og Noreg.Alle tekstane er av Inger Hagerup, ein forfattar som skreiv dikt for både for vaksne og barn. Dikta for barn er fargerike, morosame og litt sprø. Dette er dikt me kan undra oss over. Kanskje er det ikkje alt me skal forstå?Nina og bassist Dan møtte kvarandre då dei studerte jazz i Trondheim. Her spelte dei og fann på ny musikk dagen lang. På denne turneen er Ivar med som trommeslagar. Han studerer musikk i Oslo.

Polardronninga spelar opp V20

Musikk, Trinn: 1-7
Polardronninga spelar opp vart laga på bestilling for Barnas Kulturhus i Bergen. Temaet var musikk frå barnefilm og barne-TV.Elisabeth, Harald og Anders tek for seg historier med kjente skikkelsar frå film/tv. Dei dramatiserer og leikar seg med tematikk knytt til  kjende karakterar. Elisabeth spelar dei ulike rollene. Elevane vil få møte mange gamle og gode kjenningar. Vi høyrer musikk frå Flåklypa, og vi møter Polardronninga frå filmen "Elias" (Elisabeth var faktisk stemma til Polardronninga i filmen som kanskje mange elevar har sett).

Psst! - H19

Scenekunst, Trinn: 1-7
Barn trivst godt når det er mykje lyd. Foreldra er ofte mindre begeistra; Demp deg! Skru ned! Ingen synging ved bordet! Konsertframsyninga Psst! handlar om lydane rundt oss.Psst! følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit heilt døgn. Det startar som ein heilt vanleg dag. Etter kvart som timane går, vert skiljet mellom verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein transgalaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn på eit bad som fløymer over av vatten, og får bli med på togtur gjennom det ville vesten.Kvardagslege ting som å ete frukost og å sjå barne-TV, vert gjort om til musikalske hendingar. Musikken, i samspel med dei levande illustrasjonane som vert vist på lerret bak på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå kvardag.

Raskolnikov (Hordaland teater - Det Vestnorske Teatret frå 01.10.19)

Scenekunst, Trinn: VG1-VG3
Fjodor Dostojevskij sitt meisterverk «Raskolnikov» også kjent som «Brotsverk og straff» - ein eviggyldig klassikar om moralomgrep og individet si stilling i eit hardt samfunn.Kor mange handlingar må til for å vege opp for eit brotsverk?
I fleire veker har Raskolnikov lege åleine i det vesle, skitne rommet sitt og konstruert ein teori: Verda er full av fattige, fortvilte undermenneske som vandrar rundt med bøygd hovud og let seg kue. For så nedrig er mennesket, at det venner seg til alt. Berre nokre få utvalde overmenneke er i stand til å tenke nytt. Og dei har rett til å bryte lova Raskolnikov set seg føre å finne ut av kva gruppe han høyrer til.Med ei øks på innsida av frakken går han til ei pantelånarske som skor seg på andre folk si naud. Om han klarer å drepe henne, vil han ikkje då fri samfunnet for eit skadedyr? Han kan ta pengane hennar, få råd til å ete og drikke igjen, halde fram med studia og bli noko stort, noko større enn seg sjølv. Eller er ikkje straffa til å unngå? Vil anger, skuld og tvil ete han opp innanfrå?Brotsverk og straff.
I Raskolnikov, basert på romanen Brotsverk og straff av Fjodor Dostojevskij, blir vi dregne inn i det mørke tankespinnet til Raskolnikov. Det er ei forteljing om kor gale det kan gå når eit ungt, pressa menneske isolerer seg med ideane sine. Men sjølv om Raskolnikov skuvar alle frå seg, er det stadig nokon som kjem og prikkar han på skuldra.Den russiske forfattaren Dostojevskij fornya romansjangeren med sin særeigne kombinasjon av djup psykologisk innsikt, religiøs og moralsk argumentasjon og krasse sosiale skildringar. Frå 1890-talet påverka han europeisk og nordisk litteratur. Mellom dei norske forfattarane som blei inspirerte av han, var Knut Hamsun og Olav Duun.Regissør Kjersti Horn har tidlegare iscenesett klassiske stykke med ein heilt særeigen vri. Mykje tyder på at dette blir ein Raskolnikov slik du ikkje har sett han før!

Rekonstruksjon Utøya

Film, Trinn: VG1-VG3
Denne produksjonen er eitt av elevane sine val - vald direkte til programmet av skuleelevar.22. juli 2011 er ein dato som for alltid vil vera nådelaust rissa inn i vårt nasjonale medvit . - Dagen då det utenkelege skjedde på Utøya. Seks år etter terroren på Utøya kjem fire overlevande og tolv andre ungdommar saman til eit nake filmstudio. Øya vert strekt opp på golvet, og saman med dei tolv som ikkje var på Utøya denne dagen, rekonstruerer dei fire overlevande det som skulle forandre liva deira for alltid.Til tross for det dramatiske og traumatiske bakteppe, har Rekonstruksjon Utøya ein sterk grunntone som kviler i håp, samhald og trua på at gjerningsmannen ikkje vann. Elevar i dag var 9-10 år då terroren på Utøya skjedde. Ellen Lande, filmskribent i Ny Tid har i si filmmelding uttalt: "Rekonstruksjon Utøya er nær, modig og varm - hvis du bare orker å se én film om Utøya, anbefales det varmt å se denne."Filmen har i 2019 vunne den svenske prisen "Guldbaggen" for beste regi og beste dokumentar.Filmen vert fulgt av den svenske regissøren Carl Javer og to av dei medverkande. Dei vil svare på spørsmål og fortelje kvifor det var viktig å gjere denne filmen. Forventa førebuing: Studiemateriell gjennomgått på skulen før filmvisinga.Produksjonen er under utarbeiding, studiemateriell blir utarbeidd og lenkja opp i omtalen.

Sirkus Maxim

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Eit møte med forfattar Siv Wyller, hennar roman "Sirkus Maxim", nokre særeingne rollefigurar og  inspirasjon til tekstskaping.Handlinga i romanen Sirkus Maxim går føre seg i tenkte, dystre omgjevnadar. Vi møter eit sirkus som er vêrfast i Sibir, Sovjetunionen. Tre ulike historier bind romanen saman. Hovudhandlinga er om sirkuset sine problem i Sibir i 1987, men sirkushistoria frå Europa på 50-talet og ei kriminalhistorie frå ein sovjetisk fangeleir har òg mykje å seie for handlinga.Persongalleriet i romanen er stort og fleire av karakterane er absurde og burleske. Her er mellom anna ei apekvinne, eit dvergorkester og deprimerte klovnar. Sirkusdirektøren er pyroman med eit mord på samvitet. Karakterane si utvikling og korleis dei gjer sine handlingar er både komisk og tragisk.Forfattar Siv Wyller vil lese utdrag frå boka, fortelje om skriveprosessen til Sirkus Maxim og gje eit kort innbikk i sirkushistoria, der fokus vil vere bruk av menneskje som attraksjonar - noko vi i dag held for å vere inhumant, men som den gongen kunne vere ein strategi for å overleve. Kort skriveverkstad med fokus på karakterbygging:Persongalleriet i Sirkus Maxim er eit godt utganspunkt for å motivere til å skape litterære karakterar. Her er ikkje grenser, alt handar om å gjere absurditetar truverde og menneskjelege. Elevane blir presenterte for ulike skrivemetodar. Korte skriveøvingar vil byggje opp karakterar steg for steg. Stikkord er utsjånad, vilje, indre dialog og uhemma fantasi.
Wyller ynskjer å utfordre elevane sine eigne avgrensingar gjennom bruk av improvisasjon og nedbryting av deira sjølvsensur.
Opplesing av korte tekstar er ein del av skriveverkstaden. Her nyttar Wyller teknikkar frå improvisasjonsteater på å ufarleggjere det å framføre eigne tekstar. Erfaringa er at Wyller får mest alle elevar i tale.

Skildring: Eit samansett bilete av glas V20

Visuell kunst, Trinn: VG1-VG3
Speglingar, refleksjonar, gjennomsikt og illusjonar.
Eit spennande verkstadbesøk og møte med glas, glasverkstaden, kunst og ikkje minst – kunstnaren i deg sjølve!På S12 Galleri og Verkstad vil elevane få ei oppleving utanom det vanlege. Dei kjem på besøk til verkstaden i Bergen, der dei får oppleve korleis glas kan vere finurleg, by på mange alternativ og innehalde løyndomar. Elevane er med på å skape og forme eit sjølvportrett i glas!I løpet av tre timar møter elevane glas som materiale, både varmt og kaldt. Det blir demonstrasjonar av ulike metodar for å gje glas form, og elevane erfarer korleis glas reagerer på omgjevnadane.I tillegg til introduksjon til glas sine eigenskapar som materiale, let verkstaden elevane bli kjende med ein del av kunsthistoria, korleis kunstnarar gjennom tidene har arbeidd med stilleben, oppsetjingar og symbol. Vi ser på korleis dei har vald å uttrykke seg sjølve med eit motiv, ei kjensle, ein ting eller eigen smak i eit bilete.I dialog med elevane ser ein på proporsjonar og uttrykk i stilleben før elevane sjølve lagar ei skisse på papir som dei overfører og tolkar ved å setje saman glasbitar på eit glasark. Oppgåva kan bli løyst på ulike vis, fokus er a tå uttrykke seg kunstnarleg og skildre at det å fange eit motiv har uteljelege løysingar.Materialet som blir nytta er flatt glas i ulike former og fargar, små og store bitar. Desse blir sett saman etter elevane sine kreative blikk, og til sist smelta saman til eit heilt bilete i glas. Når glasbileta er ferdig brente (etter verkstaddagen), blir dei sende til skulen, klare til utstilling!Forslag til etterarbeid:
Skulen kan lage ei utstilling av portretta lokalt, anten på skulen eller annan eigna stad. Det blir utarbeidd ei utstillarhandbok/manual med nyttige forslag til kuratering av utstilling av glasarbeid, som deltakarane får med seg frå verkstaden.

Skyggedans - H19

Film, Trinn: 6
Skyggedans byr på ein dag med cut-out animasjon i stor skala der berre kreativiteten set grenser.Elevane vert introduserte for animasjon og korleis det fungerer i praksis. Dei lagar einsfarga silhuettar av eigne kroppar med ledd som kan animerast. Skulen sin arkitektur vert bakgrunn og lerret for «skuggeelevar» som trassar alle dei fysiske lovane. Verkstaden varar i 4 timar og vert avslutta med ei felles filmvising.

Stjerneteller H19

Musikk, Trinn: 1-7
Stjerneteller er namnet på Christine Sandtorv sin musikkserie for born. Bergensmusikaren Sandtorv har fått Spellemannpris i klassa ”Beste barneplate” for to av platene i serien, og saman med det faste bandet sitt har ho spelt Stjerneteller-konsertar for born og familiar på festivalar og konsertscener rundt om i landet. Musikken og konserten er stemningsfull, utforskande, lærerik og involverande. Her blir det dans og moro, leik og alvor, og poplåtar av ypparste klasse – laga heilt spesielt for og til born.Vi ønskjer at alle skulane som skal ha konsert stiller med eit kor,  til dømes ei klasse (mellom 10 og 30 elevar, alt etter kva som passar skulen og klassa best). Låtane koret er med på, er Blåse på, Kaos og Stjerneteller. Tekster og besifring ligg vedlagde her.  Sjå musikkvideo til Kaos til songen under "Lenker", og lytt til songane Blåse på og Stjerneteller under "Vedlegg". Koret er med oppe på scena saman med bandet. Les mer om korførebuingar under punktet "Merknad" på denne sida.

Superiopera V20

Musikk, Trinn: 5-7
Superiopera Crescendo Diminuendo Quarto Terso Fermate Legato Cantabile den tredje, heiter ho, romvesenet som landar i klasserommet eller gymsalen på skulen din. Der møter ho Feleonora Frederikke Fiola Klang, den superflinke felespelaren.Romvesenet kjem frå den vakre planeten Superiora dell'Aria, ein planet med fossefall av sølv og blomar i krystall og kor alle kan synge dei herlegaste songar. Men ein dag kjem mørkret, i form av den intergalaktiske skurken Anti Musicatirius, til Superiora dell'Aria. Han hatar musikk og stel den magiske eliksiren dei treng for å kunne synge desse vakre songane. Og utan songane kan dei ikkje leve, og all musikk vil dø ut!

Superiopera kjem til jorda på leit etter den livsviktige eliksiren. Med seg har ho eit skattekart fylt av gåter, og med hjelp frå Feleonora, og saman med publikum, må ho løyse dei musikalske oppgåvene som kan gi ho den magiske musikkeliksiren tilbake. Hvor kan han finnast? I gymsalen? I dei gamle folkevisene? I fantasien?

Tenk om eg var ein tanke V20

Kunstarter i samspill, Trinn: 1-4
I programmet Tenk om eg var ein tanke får elevar på 1. til 4. trinn vere med på ei magisk reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar.Dikta i «Når morgonfrosken syng» har ei form som gjer det lett og lage melodi til dei, og i framsyninga møter elevane dikta både som ord og songar.Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si magiske verd. Kva skjer med diktet frå bok til opplesing til song? Endrar diktet seg undervegs? Utøvarane får elevane med på ei samtale om dikta, der alt er lov å seie og ingenting er feil.Musikk og spørsmål blir teke i bruk som verkemiddel for at utøvarar og elevar i fellesskap kan assosiere rundt kva dikta og eg-personen i dikta vil fortelje. Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.​​​​​​​På leikent og finurleg vis gir framsyninga elevane kjennskap til lyrikk som sjanger og gir dei eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.

Tiny Piano

Musikk, Trinn: 5-7
Musikarane bak prosjektet TINY PIANO består av Inger-Kristine Riber på leiketøyspiano, Anne Goro Haugland på fiolin og Carmen Bóveda Hermosilla på cello. Stykket er laga særskilt for dei. Komponeringa er støtta av Det norske komponistfond. Leikepianoet har utvikla seg i fleire retningar, og me har idag ein stor variasjon i instrument, klangar og moglegheiter for kva dette vesle instrumentet kan by på. Ideen for dette prosjektet er å skapa eit fullverdig klassisk kammermusikkrepertoar for leikepiano.For å gje ei god kammermusikalsk råme for dette instrumentet har me valt klavertrio som ensemble, då dette vil gje eit stort register å spela på.  
 
Begge komponistane har sagt ja til å skrive ny musikk med stor interesse då dette er ei instrumentering det finst veldig lite orginalt repertoar for. Slik har prosjektet også ei banebrytande råme innan ny norsk musikk.  
 
KNUT VAAGE OM SITT VERK "Leik": I trioen ”Leik” blir dialog og utforskning vektlagt. Musikarane blir med på å prøva ut rammene rundt verket. For å opna opp komponeringsprosessen, vil me gå i tett dialog under utprøvinga av materialet med mål om å utvikla ”Leik” til ein felles ståstad for komponist og utøvarar. Leiketøyspianoet blir utvida med kontaktmikrofon og ringmodulator, noko som framhevar det perkussive ved instrumentet, men også gjer høve til å ”strekka” klangen i retning av stykarane. Som avslutning blir speledåsar brukt med instrumenta som klangbotn.  
 
GLENN ERIK HAUGLAND OM SITT VERK "Alvor":  Alvoret held på å ete opp barndommen og ungdommen, og fleire føler seg utilpasse og utilstrekkelege. I musikkteaterstykket, «Alvor» vert det malplasserte og mistilpassa spelt ut gjennom det komiske og det tragiske. 
 
På podiet ser og høyrer vi tre vaksne som prøver å framføre eit større musikkstykke på mini-klaver, kvartfiolin og halvcello. Utgangspunktet er frustrerande og oppgåva nærast umogleg. Seansen er spekka av latterlege, vakre, stygge og såre augneblink. Det er påfallande vanskeleg for dei tre å få til velklang og tilfredsstillande musisering, men opp i alt det umoglege åpnar det seg andre lydar og klangar og ny innsikt. 
 
«Alvor» handler om mini-vaksne. Om barn som ikkje får nok rom til å vere barn. Om ungdom som ikkje får nok rom til å prøve og feile. Verket handlar om korleis ytre krav, forventningar og press fra sosiale media, dei vaksne, skule og samfunnet forøvrig pressar unge menneske inn i roller dei ikkje har føresetnader for å leve opp til.   

To menn og ei tavle H19 og V20

Litteratur, Trinn: 1-7
To menn og ei tavle er ei vill, morosam og annleis teikneframsyning der illustratørane og tvillingbrørne Svein og Egil Nyhus teiknar og fortel for og med elevane. Dei lærer òg vekk forteljartriks og inspirerer til kreativ leik. Framsyninga passar for store og små, og krev inga førebuing frå elevane si side. 

Under ein stein H19

Kunstarter i samspill, Trinn: 3-4
Under ein stein - Les og lær om kryp og krek, og lag eit sjølv!Har du nokon gong løfta på ein stein og sett alt som kravlar og kryp der? Desse småkrypa skal vi sjå nærare på saman med Inger Lise Belsvik. Ho har laga alle teikningane i boka "Under ein stein". 

Vestland H19

Musikk, Trinn: 8-10
Sigrid Moldestad og Torbjørn Netland ynskjer å vise fram mykje av den fantastiske folkemusikktradisjonen, både slåttar og songar, som ein kan finne i det nye fylket Vestland. Sigrid og Torbjørn har dei seinare åra spelt mykje duo i lag, og begge finn ei stor felles glede og interesse for duokonstellasjonen som samspelsform og formidlingsform av ulike folkemusikktradisjonar. Repertoaret spenn frå fine og vare sangar til rå slåttemusikk der tostemt melodispel, "groove", og spennande harmoniar er i fokus. 

Vi skulle vært løver H19

Litteratur, Trinn: 8-10
«Vi skulle vært løver» handlar om to 12 år gamle jenter, Malin og Leona. Leona er den nye jenta i klassa, og ho blir raskt venninne med Malin, men snart vert det avslørt på ganske brutalt vis at Leona er fødd med gutekropp. Det skapar sterke reaksjonar i klassa og blant nokre av foreldra. Malin får eit problem – skal ho vere den einaste som forsvarar si nye venninne, og med det stille seg utanfor flokken?I møtet med elevane vil Line lese utdrag frå romanen og freista å få i stand ei samtale kring dette med kjønn. Bodskapen  er at kjønn er eit flytande omgrep. Dei aller fleste av oss kjenner oss heime i det kjønnet vi fekk tildelt ved fødsla, men nokre fell utanfor denne todelinga, av ulike årsakar.Forfattaren fortel elevane korleis ho fekk ideen til romanen då ho mottok eit brev frå veninna sitt barn. «Dere tenker på meg som Tom, men det beskriver ikke meg som person. Jeg ønsker å bli kalt Alexandra. Jeg er altså jente, ikke gutt.» Det var eit brev som gjorde sterkt inntrykk, og det fekk Line til å tenkje på korleis vi møter menneske som står fram på det viset. Det kan være vanskeleg, og det krev ei omstilling frå oss, men den jobben må vi rett og slett ta.

Winckel

Musikk, Trinn: 8-10
Alle har si eiga stemme. Stemma er den mest umiddelbare uttrykksforma for tanker og kjensler, og eit eventyrleg variert instrument som kan brukast på uendeleg mange måtar, frå vart og vakkert til rått og kraftfullt – eller humoristisk. Som vokalgruppe vil vi syne korleis stemma uttrykkjer personlegdomen, og oppfordra elevane til å ta i bruk og utforska si eiga stemme.

TOTAL VOKAL er ein konsert der uttrykk og sjanger spenner frå opera via folketonar til country, pop og rock. Vi bruker dei fire ganske forskjellige stemmene våre både melodisk og perkusivt, og resultatet treng slett ikkje alltid vera pent. Elevane får oppleva kor mykje det går an å få til musikalsk ved å bruka stemma, heilt utan å ta i et instrument.

Konserten er av og med Elin Hestenes, Kristine Bjånes, Guro Dugstad og Mari Lyssand.

ÆSJ! V20

Litteratur, Trinn: 1-4
Ei bok kan handle om kva som helst. Forfattarar har nemleg lov til å ljuge!Dette er standup for dei minste med live teikning på flippover.  "Æsj!", "Ku uten hode", "Tissemus", Rumpetroll" og "Bertil bestemmer selv!" er bøker for dei som skal stave seg gjennom sine første setningar.  Veldig enkle bøker med vekt på humor.  Med utgangspunkt i desse, prøver Kjelsen å skape medvit kring det at menneska eter dyr. Det vert fabulert over kvifor dei vaksne bestemmer, og om god folkeskikk er ein bra ting.  Reidar er ope for innspel frå elevane, og det er ikkje uvanleg at det skjer heilt nye og uventa ting når barnehovud møter hovudet til ein galen forfattar!
Uttrykksform
Målgruppe
Tidspunkt
Åpne filter