Tilbake
Nicole Brody
Nicole Brody
Nicole Brody
Nicole Brody
Nicole Brody

Ei reise til steinalderen - H19

Ei reise til steinalderen er eit aktivitetsbasert undervisningsopplegg der elevane lærer om livet i steinalderen gjennom praktiske aktivitetar. 

Opplegget tek utgangspunkt i ei utstyrspakke som inneheld fungerande replikas av reiskap og våpen frå steinalderen, i hovudsak basert på lokale funn. Utstyrspakka inneheld alt frå pilar med autentiske steinspissar og velfungerande steinøkser, til harpunar, fiskekrokar og synåler av bein. - Mykje av det utstyret steinaldermenneska trong i sitt daglege liv. 

Aktivitetar: bogeskytng med trebogar av steinaldertype og produksjon av reiskap, våpen og fiskeutstyr frå steinalderen. Elevane får mellom anna hogge skarpe reiskap av flint, slik dei gjorde det i steinalderen. 

Det er naudsynt at lærarane deltek aktivt, og at elevane er kledde etter været.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Morten Kutschera

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Morten Kutschera er flintsmed og utøver av eksperimentell arkeologi med vekt på steinalder. Han har lang fartstid innan aktivitetsbasert undervisning, jobbar i inn- og utland, og samarbeider med ei rekkje universitet og museer.

Publikumskommentarer