Tilbake
Sindre Sortland

"Skummel musikk" - på bokbåten Epos, nordturen H19

Hausten 2019:  18.  t.o.m.  27. november

Har du blitt redd av musikk? Sindre likar skummel musikk, men er det musikken som er skummel? Eller blir musikken skummel saman med ei historie? Me veit at ein film kan bli skumlare med skummel musikk, men kan musikk som ikkje er skummel bli det med den rette historia?

Alt dette lurar Sindre på. Derfor vil han leite etter komponistane sine skumle triks, med god hjelp av gitar og andre instrument. Til slutt i konserten speler Sindre den skumlaste musikken han kan, nesten utan å bli redd, og som publikum må bruke sin eigen fantasi til å lage ei historie til.

På www.bokbaten.no finn de felles nettstad for bokbåten i to av Vestlandsfylka. Her finn de informasjon om bokbåttenesta, rutetider, og kulturprogram. Bilete viser glimt frå bokbåten i drift og frå livet om bord. Nettstaden inneheld også ei kartteneste der ein kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.

Direktelenkje til kulturprogrammet på bokbåten.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sindre Sortland
  • I samarbeid med: Kulturprogram på Bokbåten Epos i samarbeid med Fylkesbiblioteket i Hordaland.

Publikumskommentarer

Når og hvor???Publisert av: Ole Jan Aarvik (klasse - Hamre Grendaskule) – 8.10.2019 12:52