Tilbake
Pia Wall

"Det magiske skrinet" - på bokbåten Epos, sørturen H19

Hausten 2019:  5.  t.o.m.  15. november

Har du høyrd om det magiske skrinet som Nina har arva av morfaren sin?
Han var sjømann og reiste rundt på dei sju hav, og det magiske skrinet hadde han med seg heim ein gong for lenge sidan. Det gamle skrinet inneheld små ting med eventyr frå fjernt og nært. I framsyninga får publikum både høyre eventyr og fortelingar frå røynda. Nina har også med seg gitaren og inviterer tilhøyrarane med til å syngje.

På www.bokbaten.no finn de felles nettstad for bokbåten i to av Vestlandsfylka. Her finn de informasjon om bokbåttenesta, rutetider, og kulturprogram. Bilete viser glimt frå bokbåten i drift og frå livet om bord. Nettstaden inneheld også ei kartteneste der ein kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.

Direktelenkje til kulturprogrammet på bokbåten.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Nina Næsheim
  • I samarbeid med: Kulturprogram på Bokbåten Epos i samarbeid med Fylkesbiblioteket i Hordaland.

Publikumskommentarer

Fantastisk forestilling på Bobåten Epos! Nina Næsheim har ei utruleg formidlingsevne! Ho klarte å fanga oss alle, både små og store! Tusen takk! Me seier berre; Velkommen tilbake, Nina:)Publisert av: Strandvik montessoriskule (klasse - Strandvik montessoriskule) – 14.11.2019 22:37