Tilbake
Vibeke Norum
Martine Gulliksen

Hei, eg er eit dikt!

Eit improviserande og skrivestimulerande forfattarbesøk som utforskar dikting i praksis, og inviterer til aktiv elevmedverknad gjennom skriftlege og munnlege språkøvingar.

Forfattar og musikar Per Ivar Martinsen brukar dikt og sanglyrikk til å skape ein kreativ atmosfære og syne korleis ein tar penna fatt og diktar sjølve. Saman med elevane blir det reflektert kring litterære tekstar; skal eit dikt helst følgje eller bryte reglar, må ein sangtekst rime, kva gjer éin tekst meir spanande enn ein annan?

Kreative prosessar oppstår gjennom dialog kring tidlause tema: Å sjå og bli sett, venskap og samhald, ynskje og uro for framtida, kjønnsroller, identitet, det multikulturelle, relasjonar til vaksne, det enkle og det vanskelege, humor og alvor, og gjerne det vi kallar kjærleik...

Vårt språklege mangfald av dialektar, morsmål, munnleg språk og slang medverkar til dei ulike forfattarane sin originalitet – vi har alle noko på hjarta, små og store historier å fortelje, og vi vel sjølve kva toneleie vi formidlar i.

Deltakarane blir oppfordra til å spisse øyra og delta aktivt, med kreativ tilnærming til norskfaget sine sjangrar og verkemiddel, form og innhald – og dei som ynskjer får høve til friviljug opplesing av nyskriven tekst.

"Hei, eg er eit dikt!" fordrar inga tidlegare skrive-erfaring. Grammatikk, rettskriving og fasit blir sette i midlertidig parentes. Viktigaste er at ein byr på seg sjølve, og bidreg til ein positiv gruppedynamikk med nyfikne for språket sine tallause moglegheiter.

Per Ivar har òg brei erfaring med besøk hjå tilrettelagte grupper i vgs. "Hei, eg er eit dikt!" høver like godt for desse elevgruppene, og bidreg til positive felleserfaringar, med sosialt, pedagogisk og kunstnarleg utbyte.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Per Ivar Martinsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Per Ivar Martinsen er lyrikar og gjendiktar, låtskrivar og musiker. Forfattarskapen omfattar utgjevingar av eigen poesi og prosa, gjendikting og lyrikk til plateutgjevingar. Har turnert for Norsk Forfattersentrum og DKS sidan 2005, med ulike skrivestimulerande forfattarbesøk i Vgs. Har turnert for DKS i fem fylke, og vore redaktør for skule-antologiar. Han har halde skrivekurs for ungdom på Litteraturhus, og skrivekurs for eldre m. a. gjennom Kirkens Bymisjon, og gjort kurs/jury-arbeid for Ungdommens Kulturmønstring. Konsertvirksemd med bandet Coydog i Tyskland og Noreg, og musikkproduksjonen ”Full Baluba!” for Rikskonsertane. Har òg gjort gjentekne oppdrag for DKS sine tilrettelagte programtilbud i Akershus, og deltatt i SKUP-prosjekt.

Publikumskommentarer