Tilbake
Tour de Force
Tour de Force
Tour de Force
Tour de Force
Tour de Force
Tour de Force
Tour de Force
Tour de Force
Tour de Force

Rekonstruksjon Utøya

Denne produksjonen er eitt av elevane sine val - vald direkte til programmet av skuleelevar.

22. juli 2011 er ein dato som for alltid vil vera nådelaust rissa inn i vårt nasjonale medvit . - Dagen då det utenkelege skjedde på Utøya. 

Seks år etter terroren på Utøya kjem fire overlevande og tolv andre ungdommar saman til eit nake filmstudio. Øya vert strekt opp på golvet, og saman med dei tolv som ikkje var på Utøya denne dagen, rekonstruerer dei fire overlevande det som skulle forandre liva deira for alltid.

Til tross for det dramatiske og traumatiske bakteppe, har Rekonstruksjon Utøya ein sterk grunntone som kviler i håp, samhald og trua på at gjerningsmannen ikkje vann. 

Elevar i dag var 9-10 år då terroren på Utøya skjedde. Ellen Lande, filmskribent i Ny Tid har i si filmmelding uttalt: "Rekonstruksjon Utøya er nær, modig og varm - hvis du bare orker å se én film om Utøya, anbefales det varmt å se denne."

Filmen har i 2019 vunne den svenske prisen "Guldbaggen" for beste regi og beste dokumentar.

Filmen vert fulgt av den svenske regissøren Carl Javer og to av dei medverkande. Dei vil svare på spørsmål og fortelje kvifor det var viktig å gjere denne filmen. 

Forventa førebuing: Studiemateriell gjennomgått på skulen før filmvisinga.

Produksjonen er under utarbeiding, studiemateriell blir utarbeidd og lenkja opp i omtalen.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Publikumskommentarer