Tilbake
Maite Cajaraville
Maite Cajaraville
Maite Cajaraville
Maite Cajaraville

City-Tech: SONORATEC! H19

City-Tech: SONORATEC! er ein verkstad av Piksel som går føre seg i Piksel KidZ Lab, eit kunstnarleg laboratorium der born og unge kan lære å skape kunstverk på nye medier.

I verkstaden får elevane leike med kunst og elektronikk. Dei lærer om grunnleggande elektroinikk for å lage lyd til teikna bilete; leiker som lysar; plastpiano med meir. - Alt laga av resirklert materiale.

Med forskjellig teknisk utstyr eksperimenterer elevane med ledlys, straumkretsar, lyd, grafikk, kreativ skriving og mykre meir. 

Teknologien som vert nytta er open. Gjennom verkstaden kan elevane betre forstå korleis datamaskiner fungerer, og bli kjend med omgrep knytt til digital fridom.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Piksel Produksjoner ltd
  • Idé/ opplegg: Piksel, eit nettverk og ein festival for elektronisk kunst og frie teknologiar som retter søkelyset mot tilhøvet mellom kunst, teknologi og samfunn.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Oda Bremnes studerer ved Institutt for kunst på Fakultet for Kunst, Musikk og Design, Universitetet i Bergen. Ho arbeidar med nye medier, særleg video, installasjon og elektronikk.

Publikumskommentarer