Tilbake
S12 Galleri og verksted
S12 Galleri og Verksted
S12 Galleri og Verksted

Skildring: Eit samansett bilete av glas

Speglingar, refleksjonar, gjennomsikt og illusjonar.
Eit spennande verkstadbesøk og møte med glas, glasverkstaden, kunst og ikkje minst – kunstnaren i deg sjølve!

På S12 Galleri og Verkstad vil elevane få ei oppleving utanom det vanlege. Dei kjem på besøk til verkstaden i Bergen, der dei får oppleve korleis glas kan vere finurleg, by på mange alternativ og innehalde løyndomar. Elevane er med på å skape og forme eit sjølvportrett i glas!

I løpet av tre timar møter elevane glas som materiale, både varmt og kaldt. Det blir demonstrasjonar av ulike metodar for å gje glas form, og elevane erfarer korleis glas reagerer på omgjevnadane.

I tillegg til introduksjon til glas sine eigenskapar som materiale, let verkstaden elevane bli kjende med ein del av kunsthistoria, korleis kunstnarar gjennom tidene har arbeidd med stilleben, oppsetjingar og symbol. Vi ser på korleis dei har vald å uttrykke seg sjølve med eit motiv, ei kjensle, ein ting eller eigen smak i eit bilete.

I dialog med elevane ser ein på proporsjonar og uttrykk i stilleben før elevane sjølve lagar ei skisse på papir som dei overfører og tolkar ved å setje saman glasbitar på eit glasark. Oppgåva kan bli løyst på ulike vis, fokus er a tå uttrykke seg kunstnarleg og skildre at det å fange eit motiv har uteljelege løysingar.

Materialet som blir nytta er flatt glas i ulike former og fargar, små og store bitar. Desse blir sett saman etter elevane sine kreative blikk, og til sist smelta saman til eit heilt bilete i glas. Når glasbileta er ferdig brente (etter verkstaddagen), blir dei sende til skulen, klare til utstilling!

Forslag til etterarbeid:
Skulen kan lage ei utstilling av portretta lokalt, anten på skulen eller annan eigna stad. Det blir utarbeidd ei utstillarhandbok/manual med nyttige forslag til kuratering av utstilling av glasarbeid, som deltakarane får med seg frå verkstaden.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: S12 Galleri og Verksted

Om kunstnar / utøvar / gruppe

S12 Galleri og verkstad er eit kompetansesenter for glas som blei etablert i Bergen i 2007. S12 er senter for utforsking, eksperimentering og formidling av glaskunst i Noreg. Verksemda fokuserer på formidling av glaskunst gjennom utstillingar, kurs og gjestekunstnarordning. Les meir på deira heimeside.

Publikumskommentarer