Tilbake
Thor Brødreskift
Thor Brødreskift
Magnus Skrede
Øyvind Toft

Fargespill 15 år - jubileumsframsyning!

Fargespill inviterer til jubileumsframsyning i Grieghallen:

Fargespill har nådd konfirmasjonsalderen og vi er klare til å trø inn i dei vaksne sine rekkjer og stadfeste vår tru. 

Lite ante vi då vi i 2004 laga den fyrste Fargespillframsyninga på oppdrag frå Festspillene i Bergen, at vi ein dag skulle oppleve at prosjektet hadde spreidd seg til byar og kommunar i heile Noreg, at 450 000 publikum over heile landet hadde vore innom framsyningane, at 4000 born og unge hadde stått på scena og at Fargespill på toppen av det heile skulle bli nominert til Nobels Fredspris.

Det markerer vi med ei staseleg jubileumsframsyning!

For kvart år har vi lært og utvikla oss, og no når vi har nådd konfirmasjonsalderen er det fargespelarane sjølve som eig det som går føre seg på scena. Dei er involverte i koreografi, instruksjon og komposisjon. Rap og hip hop er viktige ingrediensar i framsyninga, og fleire av fargespelarane har itvikla sjølvstendige artist-karrierer og blitt profilerte aktørar på den norske musikkarenaen. I tillegg til eksterne gjesteartistar vil dei framføre eigne låtar saman med heile fargespillensemblet.

Jubileumsframsyninga tar i bruk nye verkemiddel for å syne oss Fargespill si sjel, samstundes får vi ein peikepinn på kva vi kan vente dei neste 15 åra. Og at handlar om identitet. Menneskje som gjennom musikk og dans fortel om sine liv og sine røter, med eit intens nærvære som får både publikum og kritikarar til å juble utan reservasjonar.  

Unge menneskje som fortel unge menneskje at dei kan nytte deira unike identitet til å erobre verda!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Fargespill har sidan 2004 laga framsyningar av høg kvalitet med barn og ungdom frå heile verda.
Les meir om Fargespill på deira heimeside.

Publikumskommentarer