Tilbake
Bergen nasjonale Opera
Bergen Nasjonale Opera

La clemenza di Tito av Mozart - Kjærleik i raudt, kvitt og svart (Bergen Nasjonale Opera)

Ein "House of Cards"-opera med politiske intrigar og valdshandingar og Mozart sin musikk.

Koreis skal ein politisk leiar vere?
I ei tid då kan hende makt og kontroll aldri har vore meir kritisk eksponert, blir vi presentert for Mozart sin tidlause opera der ei valdshandling blir møtt med tilgjeving. Historia er driven av sjalusi, intens kjærleik og lojalitet. Den greske regissøren Rodula Gaitanou flyttar handlinga frå antikken til terrorhandlingane i vår tid.

Altoppslukande begjær blir sett inn i eit politisk drama som vore det i House of Cards, medan Mozart sin musikk leverer all venleik og heftige kjensler vi kan vente oss frå ein musikalsk meister!

"Kjærleik i raudt, kvitt og svart" - introduksjonsframsyning på skulen
"​​​​​​​La clemenza di Tito" - generalprøve i Grieghallen

​​​​​​​Dette tilbodet er i to delar: Ei introduksjonsfamsyning blir vist på skuleni førekant og gir innføring i operasjangeren. Deretter ser elevane sjølve framsyninga (generalprøven på) «La clemenza di Tito» i Grieghallen i Bergen.

Introduksjonsframsyninga - Kjærleik i raudt, kvitt og svart:
Ei gruppe på tre kunstnarar besøker skulen og møter elevane som skal til Grieghallen. Dei viser eit program som på ein underhaldande måte presenterer tematikk og karakterar i denne operaen. Gjennom programmet blir elevane òg presenterte for opera som kunstart. I tillegg vil publikum bli kjende med komponisten og den tida han levde i.

Skular som ynskjer det, får i tillegg tilbod om ein kort verkstad der elevane leikar med musikken og karakterane etter introduksjonsframsyninga.

Generalprøven -  Grieghallen:
På generalprøven i Grieghallen i Bergen 19. mars er det på tide å møte den ferdige framsyninga. – Fullt orkester, kostyme, scenografi og songarane som har si siste prøve før den store premièren!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bergen Nasjonale Opera

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Les meir om Bergen Nasjonale Opera på deira heimeside.​​​​​​​

Publikumskommentarer