Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Hei Kalas - H17
Produksjonsliste
Program

Hei Kalas - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

“Alle synger om hest og hund og katt

Om søte små valper pakket inn i vatt

Men ingen husker kloakkdyra

Kloakkdyr er bra

Stygge dyr er også bra»

Hei Kalas! syng og speler musikk med ein underfundig undertone. Songane er morosame på en trist måte, eller triste på en morosam måte. Det handlar om kva man tenkjer på og opplever i kvardagen. Store og små ting. Alt frå Kongar som dør til bukser som klør. Songane er for born, men Hei Kalas tykkjer born og vaksne er opptatt av mykje av dei same ting, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje enkelt å være born, eller vaksen. Det spesielle med Hei Kalas! er måten dei formidlar daglegdagse ting på. Slik at både born og vaksne kan kjenne seg att.

Hei Kalas! kjem til din skule for å undre seg over verda, livet, dyra og menneskja. Kvifor er verdsrommet uendeleg og kvifor smaker syltetøy med sand så godt?

Kven er Hei Kalas!

Heidi Marie

  • Tykkjer om: å spele gitar, drikke te, tykke labbar og andre myke ting ein kan ha på kroppen. Spise vaflar og snakke om verdsrommet.
  • Tykkjer ikkje om: mokkabønner og kø.
  • Har: møtt Dolly Parton in person to gonger.
  • Ønskjer seg: en OnePice.

Annikken

  • Tykkjer om: å snakke om verdsrommet med Heidi Marie heilt til siste trikken går og ein må ta taxi heim for dei aller siste pengane ein har.
  • Dyreprogram på tv og å sove til klokken elleve - PÅ KVELDEN!
  • Tykkjer ikkje om: ting som klør, sukkerfritt godteri og kjærleiksorg.
  • Hadde: hamster. Han het Hamster. Nå er han død :(
  • Ønskjer seg: Eigen hest, tidsmaskin og badekar, og kanhende ein skikkeleg koseleg og ganske morosam kjæreste. Det hadde vore fint.

Roy Ole

  • Tykkjer om : å bu i Bergen for der regner det heile tida. Gå med tøfler, høyre på vinylplater til langt på natt, tenne stearinlys, drikke kaffe og lese.
  • Tykkjer ikkje om: Stressa folk, sure folk, sinte folk, sjølvopptatte folk og altfor sterk sol.

Brit

  •  har jobba som kulturfrilansar  hovudsakleg som skribent. Brit liker å se film og gå på konsertar og jobbejobbe med festivalern Bygdalarm i Øystese - Brit er glad i å lese  høg for ungar i regi av Bergen Turlag og Fløien.

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Hei Kalas!
  • Produsent: Jørn Oftedal
  • Idé/ opplegg: Musikarane i lag med produsent

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Heidi Marie Vestrheim er frå Øystese i Hardanger og er nå busett i Oslo. Hun er kjent som songarinne og låtskriver, og har vore med i ulike band før ho startet som soloartist i 2003. Hei Marie har også vore synleg på teaterscenen (DNS, BIT, Teatret Vårt, DKS) og som programleiar i Nrk Super.Ho har gitt ut to Quizbøker på Aschehoug, og bidratt i boken Barfot på Gyldendal Tiden, samt medverka i boka Gay Kids – Kule bornHistoria «Knølkvalen Kai» frå Godnattboka (Skald, 2007) er ein populær barneforestilling.

Heidi Marie har erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane “Time” (musikk), “The End – a gentle reminder” (teater) og "Barbie-Nils og pistolproblemet" (litteratur)

Annikken Theodorsen – født og delvis oppvaksen i Tromsø Annikken er nå busett i Oslo. Ho er utdanna ved Universitetet i Tromsø, låtskriver, tekstforfattar og produsent i Nrk.

Roy Ole Førland –er utdanna musikklærer ved Høgskulen i Volda. Jobber som musikar og komponist i Bergen samt på Barnas Kulturhus og BarneBIKS ved Bergen Internasjonale Kultursenter. Spiler med bandet «A boy Named Sue», Heidi Marie Vestrheim, lagar filmmusikk, og har erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane «Heavykatten», «Haikutronics», «Frå Hauge til haiku» og «Time».

Brit Aksnes -  har jobba som kulturfrilansar etter mange år i forlagsbransjen, hovudsakleg som skribent. Ho skriv fast filmmeldingar for avisa Dag og Tid. Vossa Jazz, Nattjazz, BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) og Bygdalarm er nokre av festivalane ho arbeider for. I haust ferdigstiller ho sin tredje radiodokumentar for NRK. Av mange varierte oppdrag reknast dei kjekkaste som konsertar med underhaldningsduoen Microbandet og høgtlesing for ungar i regi av Bergen Turlag og Fløien.


Medverkande

  • Hei Kalas!
  • Heidi Marie Vestrheim (song-gitar)
  • Roy Ole Førland (song-tromer diverse)
  • Annikken Theodorsen (song)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Hei kalas!
Hei Kalas
Foto: Annikken Theodorsen
britaksnesBW3_mari laupsa.jpg

Publikumskommentarar:

1

Jeg og vennen min har sett HEI KALAS.Den var gøy. Jeg og venninga mi vil se mer. Helsing Celine og veninden min
Skrive av Paulina (Fauskanger, 3,4) - 15.4.2015 17:28
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: Hei Kalas - V17
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Produsent: Jørn Oftedal e-post: jorn.oftedal@hfk.noTurneansvarleg: Hanne-Brit Iversen e-post: Hanne-brit.iversen@hfk.no
Programlengde
40 min.
Maks publikumsantal
150
Arena / rom
Gymsal eller liknade
Berehjelp
5 elever fra 4 klasse
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
30 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Jørn Oftedal
Rikskonsertene
Medverkande
  • Heidi Marie Vestrheim (song-gitar)
  • Roy Ole Førland (song-tromer diverse)
  • Annikken Theodorsen (song)