Tilbake
Oddleiv Apneseth
Julie Marie Naglestad
Elias Dahlen

Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt H19 V20

Eit konsertsamarbeid.

Forfattaren Erlend O. Nødtvedt les eigne tekster frå blant anna boka "Vestlandet" i samspel med Erlend Apneseth Trio sin særeigne musikk. 

Under opninga av Litterarturhuset i Bergen (2009) vart forfattaren og trioen spurde om dei kunne gjere eit felles innslag. Dei oppdaga fort at dei fungerte godt saman både kunstnarleg og sosialt, og sidan har dei følgt kvarandre. Trioen har spela på Nødtvedt sine boklanseringar, og Erlend Apneseth trio har invitert forfattaren til å lese til deira musikk.

  • Erlend Apneseth Trio har dei siste åra etablert seg som den kanskje aller mest nyskapande konstellasjonen her i landet. 
  • «Vestlandet» er Nødtvedt sin første roman, den har hausta ei mengde godord.

To kameratar køyrer Vestlandet rundt i ein gul Toyota. I bagasjerommet ligg hovudskallen til bondeopprørar Anders Lysne, som dei vil føre til Lærdal, der han høyrer heime. Dette er utgangspunktet for romanen 'Vestlandet'; ein «hysterisk heisatur gjennom språk og landskap», som har begeistra bokmeldarar og lesarar landet rundt. (Marta Norheim, NRK) 

Romanen teiknar eit burlesk og regnvått portrett av menneske og landskap i denne opplesingskonserten ved forfattar Erlend O. Nødtvedt, musisert av Erlend Apneseth Trio.

​​​​​​​Musikkvideoen "Lysne" med Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt:  

​​​​​​​https://www.youtube.com/watch?v=y-mCO0Qs4z8​​​​​​​


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Erlend Apneseth Trio slapp i 2016 albumet, "Det Andre Rommet", på det renommerte plateselskapet Hubro. Plata fekk overveldande kritikkar i Norge, såvel internasjonalt, som i magasin som MOJO og BBC Music Magazine. Den havna på fleire årets beste-lister, gjennom blant anna Aftenposten og Dagsavisen. I tillegg vant plata Folkelarmprisen og blei nominert til Spellemannsprisen i Norge i kategorien "Åpen Klasse". 

I 2017 slapp bandet på nytt album, "Åra", til strålande kritikkar både her heime og i utlandet. Også dette albumet blei nominert til Spellemann i Åpen Klasse. I 2019 kom deira tredje album "Salika, Molika", denne gongen med Frode Haltli som gjest. Lovorda var overveldande frå eit samla pressekorps. 

Erlend O. Nødtvedt er ein forfattar frå Bergen. For diktsamlingane har han vunne prisar som Ung Poesi-prisen i 2008, Bergensprisen i 2011, Bjørnsonstipendet i 2012, Bokhandlerforeningens forfattarstipend i 2015 og Premio Ostana i 2017. Hausten 2017 ga Nødtvedt ut sin første roman «Vestlandet». Den fekk strålande mottaking og er mellom anna blitt omtala som "ein praktfull ode til Vestlandet" og "rein fest og sælebot". Nødtvedt vart kåra til ein av dei ti fremste unge, norske forfattarane av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015.


Publikumskommentarer