Tilbake

Edith V20

Har du hørt om den gamle kona som heiter Edith? Ho er ei meget fin, stolt og respektabel frue frå ein fornem familie i Oslo.

Men, korleis er ho til å danse, og er det eigentleg noko stas å danse med ho? Dette lurer Jon veldig på. Jon elskar å danse, spele munnharpe og leike med alle som han møter på sin veg. Ein dag finn han Edith, litt bortgøymt og gløymt, og han prøver om det er mogleg å danse med ho. Johanne hjelper Jon så godt ho kan, for ho er nemleg ein meistar på å lokke fram danselysta med felene sine. Her blir det fartsfylte krumspring og eggjande musikk.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Johanne Løkensgard Mjøs har utdanninga si frå Griegakademiet i klassisk utøvande fiolin og Ole Bull akademiet i utøvande folkemusikk .Ho spelar fele, hardingfele og langeleik. Johanne har erfaring som A-klasse spelemann, og ho er lærar i Voss Kulturskule, Juniorklubben i Voss spelemannslag, Nøringen og Hallingdal juniorspelemannslag.

Jon Bugge Mariussen gjekk på FrikarAkademiet si treårige talentutviklingsprogram for dansarar 2015 - 2018. Han har òg  studert kubansk folkedans (rumba) på Cuba  På folkemusikklinja på Vinstra var faga halling, munnharpe og trommer.

Fru Edith vaks opp saman med sin fornemme familie på beste vestkant i Oslo. Ho likte aldri å stikke seg fram, men noko meir veit vi ikkje om Edith...

Publikumskommentarer