Tilbake
Lise Oppegaard
Lise Oppegaard
Lise Oppegaard

To menn og ei tavle H19 og V20

To menn og ei tavle er ei vill, morosam og annleis teikneframsyning der illustratørane og tvillingbrørne Svein og Egil Nyhus teiknar og fortel for og med elevane. Dei lærer òg vekk forteljartriks og inspirerer til kreativ leik. Framsyninga passar for store og små, og krev inga førebuing frå elevane si side. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Svein og Egil Nyhus

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Svein Nyhus er teiknar og barnebokforfattar fødd i Tønsberg i 1962. Han har skrive seks eigne bøker og teikna til fleire av biletbøkene til kona si, forfattaren Gro Dahle, mellom anna «Snill», «Sinna Mann» og den nye «Blekkspruten». Han har òg illustrert prinsesse Märtha Louises bok om kronprins Olav og Ylvis’  «Hva sier reven?». Den nyaste småbarnsboka hans heiter «Skal vi leke?». Svein Nyhus blandar enkelt språk og rare figurar med undring og alvor, slik at bøkene passar for store og små. Fleire av bøkene har fått litterære prisar.

Egil Nyhus er illustratør og avisteiknar og tvillingbroren til Svein. Egil Nyhus har skrive og illustrert mange populære biletbøker, blant anna om sjørøvarhelten Kaptein Sabeltann og til TV-serien Sesam Stasjon som gjekk på NRK på 1990-talet. Egil lagar rike og spudlande teikningar med mykje humor og mange detaljar. Han bur på Jessheim utanfor Oslo. Der er han fast teiknar i Romerikes blad. Egil har i tillegg bidrege med karikaturar og illustrasjonar i ei rekke andre blad.

Egil og Svein har turnert med framsyninga To menn og ei tavle for barnehagebarn og skuleelevar rundt i landet i 20 år. I 2014 fekk dei Teskjekjerringprisen for samarbeidet og bøkene sine.

Publikumskommentarer