Tilbake
Bergen Assembly
Bergen Assembly
Johanne Karlsrud

"Forestilte fremtider" - Bergen Assembly 2019

«Forestilte framtider»- Eit utfordrande og inspirerande møte med samtidskunsten

Hordaland er kvart tredje år vertsfylke for eit stort internasjonalt samtidskunstprosjekt – Bergen Assembly. Det gir oss ein sjeldan sjanse til å dykke inn i den spanande og utfordrande samtidskunsten.

Vi inviterer med dette til to timar med formidling i utstillinga ​​​​​​​Actually, the Dead Are Not Dead , og møtast i det nye fleirbruksrommet Belgin i Bergen (KODE 2) til omvising i utstillinga. Internasjonale og samfunnsrelevante kunstverk vil vera utgangspunkt for ei felles refleksjon rundt ei mogleg framtid.

I denne utstillinga vil elevane i vidaregåande skule møte elevar i 1.-3. klasse i grunnskulen. Saman med formidlarar vil dei leggje ut på ei fantasireise til fortida – til det som ikkje finst lengre, og til framtida – til det som ikkje er her enno...

  • Korleis kan kunst hjelpe oss til å sjå for oss framtida?
  • Kan kunst få oss til å reflektere over verda slik ho er i dag?

Produksjonen egnar seg både for yrkesfag og studieførebuande då formidlinga kan knytast til både samfunnsfag og norsk, og gjerne også andre fagfelt. Den er også egna for programfag som Design og handverk, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur og Medier og kommunikasjon.

Tidlegare har Bergen Assembly arbeida saman med Fusa vidaregåande skule, Smørås barneskole og Kronstad barneskole for å utvikle dette formidlingsprosjektet. Prosjektet vil vera grunnlaget for eit forskingsprosjekt som er støtta av Kulturtanken og Praktisk-pedagogisk utdanning ved Fakultet for kunst, musikk og design, Universitetet i Bergen. Resultatet vil bli publisert i ei rapport i løpet av 2020.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bergen Assembly er Noreg sitt største internsjonale samtidskunstarrangement, med offentlege arrangement kvart tredje år. Etter tidlegare utgåver, i 2013 og 2016 har dei oppnådd stor internasjonal anerkjenning.

Les meir på deira heimesider.

Publikumskommentarer