Tilbake
Ill: Reidar Kjelsen
Reidar Kjelsen

ÆSJ! V20

Ei bok kan handle om kva som helst. Forfattarar har nemleg lov til å ljuge!

Dette er standup for dei minste med live teikning på flippover.  "Æsj!", "Ku uten hode", "Tissemus", Rumpetroll" og "Bertil bestemmer selv!" er bøker for dei som skal stave seg gjennom sine første setningar.  Veldig enkle bøker med vekt på humor.  Med utgangspunkt i desse, prøver Kjelsen å skape medvit kring det at menneska eter dyr. Det vert fabulert over kvifor dei vaksne bestemmer, og om god folkeskikk er ein bra ting.  Reidar er ope for innspel frå elevane, og det er ikkje uvanleg at det skjer heilt nye og uventa ting når barnehovud møter hovudet til ein galen forfattar!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Reidar Kjelsen
  • Idé/ opplegg: Reidar Kjelsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Reidar Kjelsen er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. (hovudfag 1994.) Han har illustrert rundt 50 barnebøker og skrive15 av desse sjølv. Han har hatt nærare 4000 leselysttilstellingar i det norske skuleverket og på bibliotek over heile landet.

Publikumskommentarer