Tilbake
Finn Ståle Felberg
Aschehoug Forlag

Vi skulle vært løver H19

«Vi skulle vært løver» handlar om to 12 år gamle jenter, Malin og Leona. Leona er den nye jenta i klassa, og ho blir raskt venninne med Malin, men snart vert det avslørt på ganske brutalt vis at Leona er fødd med gutekropp. Det skapar sterke reaksjonar i klassa og blant nokre av foreldra. Malin får eit problem – skal ho vere den einaste som forsvarar si nye venninne, og med det stille seg utanfor flokken?

I møtet med elevane vil Line lese utdrag frå romanen og freista å få i stand ei samtale kring dette med kjønn. Bodskapen  er at kjønn er eit flytande omgrep. Dei aller fleste av oss kjenner oss heime i det kjønnet vi fekk tildelt ved fødsla, men nokre fell utanfor denne todelinga, av ulike årsakar.

Forfattaren fortel elevane korleis ho fekk ideen til romanen då ho mottok eit brev frå veninna sitt barn. «Dere tenker på meg som Tom, men det beskriver ikke meg som person. Jeg ønsker å bli kalt Alexandra. Jeg er altså jente, ikke gutt.» Det var eit brev som gjorde sterkt inntrykk, og det fekk Line til å tenkje på korleis vi møter menneske som står fram på det viset. Det kan være vanskeleg, og det krev ei omstilling frå oss, men den jobben må vi rett og slett ta.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Line Baugstø har lang røynsle som forfattar og som utøvar i DKS. Ho debuterte med romanen «Reise i gult lys» i 1986, og har sidan gjeve ut ei lang rekkje bøker for både barn og vaksne. Ho har hatt flere turnear i DKS kring i landet, både med lettlestbøkene om Kaja og Stine for 1.-4. trinn, og med biografien «Camilla Collett, født Wergeland» for ungdomsskulen og videregåande skule.


Publikumskommentarer