Tilbake
Julie Lunde Lillesæter/Differ Media
Julie Lunde Lillesæter/Differ Media
Julie Lunde Lillesæter/Differ Media
Julie Lunde Lillesæter/Differ Media
Julie Lunde Lillesæter/Differ Media
Julie Lunde Lillesæter/Differ Media

The Dry Valley - møt menneskene i Romanias skandinaviske landsby - V20

Etter at Romania vert medlem av EU har rumenske statsborgarar kunne reise fritt til Noreg som arbeidsinnvandrarar. I filmen The Dry Valley møter me innbyggarane i Valea Seaca, ein fattig landsby nord i Romania med mange band til Skandinavia. Me vert kjende med ungdommar som er frustrert over mangelen på arbeidsplassar i Romania, tiggaren som fortel korleis han opplever å sitte på fortauskanten i Noreg, og sosialarbeidaren som ser korleis migrasjonen påverkar bornas utdanning.

Gjennom filmframsyning og diskusjon får elevane sjanse til å reflektere rundt korleis me vert påverka av måten minoritetar vert framstilt i media, og korleis filmmediet kan introdusere nye perspektiv i samfunnsdebatten. Personlege historier og livssituasjonen til ungdommar på same alder som elevane kan engasjere og skape spanande gruppearbeid.

Denne prisvinnande dokumentarfilmen er eit portrett av befolkninga i det som er kjent som Romanias “skandinaviske landsby”. Filmen fortel ein dagsaktuell og annleis historie. I kontrast til ei mediedekning som ofte er negativ, introduserer filmen eit nytt blikk på debatten ved å la romfolket sjølv kome til orde om sin eigen situasjon.

Etter framsyninga skal elevane diskutere og løyse oppgåver knytta til filmen i mindre grupper. 

Oppsettet for dagen vert omtrent slik:

5 min - introduksjon 
30 min - filmvisning 
10 min - regissøren fortel 
10 min - gruppeoppgåve
5 min - diskusjon i plenum
15 min - gruppeoppgåve
15 min - diskusjon i plenum og oppsummering

Totalt: 90 min

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Differ Media AS
  • Idé/ opplegg: Differ Media

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Aurora Hannisdal er formidlar i veke 6. Ho er produksjonsleiar og fotograf i filmproduksjonsselskapet Differ Media. Aurora er utdanna journalist og har erfaring frå Dagens Næringsliv, Ny Tid og fagforeininga NITO.

Ida Johansen Ingebrigtsen er formidlar i veke 8 og jobbar til dagleg som formidlar i UpNorth Film og hos Alibier AS. Ida har ein mastergrad i likestilling og mangfald frå NTNU og engasjerer seg i tematikk som internasjonale spørsmål, berekraft og inkludering.  

Julie Lunde Lillesæter er dokumentarfilmskapar og regissør. Ho driv filmproduksjonsselskapet Differ Media saman med Julia Dahr. 

Publikumskommentarer