Tilbake
Ingvil Skeie Ljones

Tenk om eg var ein tanke V20

I programmet Tenk om eg var ein tanke får elevar på 1. til 4. trinn vere med på ei magisk reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.

Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar.

Dikta i «Når morgonfrosken syng» har ei form som gjer det lett og lage melodi til dei, og i framsyninga møter elevane dikta både som ord og songar.

Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si magiske verd. Kva skjer med diktet frå bok til opplesing til song? Endrar diktet seg undervegs? Utøvarane får elevane med på ei samtale om dikta, der alt er lov å seie og ingenting er feil.

Musikk og spørsmål blir teke i bruk som verkemiddel for at utøvarar og elevar i fellesskap kan assosiere rundt kva dikta og eg-personen i dikta vil fortelje. Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.

​​​​​​​På leikent og finurleg vis gir framsyninga elevane kjennskap til lyrikk som sjanger og gir dei eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: NYNORSK KULTURSENTRUM
  • Produsent: Nynorsk kultursentrum, avd. Olav H. Hauge-senteret er ansvarleg produsent. Hauge-senteret har tidlegare produsert Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus, som har turnert for Den Kulturelle Skulesekken i Hordaland og Oppland, og Les for livet! i samarbeid med Ivar Aasen-tunet som nyleg har hatt premiere og skal turnera i Sogn og fjordane i haust. Tenk om eg var ein tanke turnerte i Hordaland i 2015 og 2016. Nynorsk kultursentrum med Ivar Aasen-tunet i spissen har mange år bak seg som produsent for Den Kulturelle Skulesekken, mellom anna har Snakk om språk turnert i fleire fylke over lengre tid. Hauge-senteret arbeider med formidling av lyrikk i alle former på tvers av språkgrenser, og ønsker å auke bevisstgjeringa omkring lyrikk, språk og identitet.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Olav H. Hauge-senteret er ei avdeling underNynorsk kultursentrum.

Annlaug Børsheim er utdanna folkemusikar frå Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull akademiet på Voss. Annlaug syng og spelar fele, hardingfele og gitar. I tillegg skriv ho tekstar på norsk og komponerer eigen musikk. Ho er aktiv som frilansmusikar i mange samanhengar, og har mellom anna spelt mykje saman med Gabriel Fliflet, Olav Tveitane og ei rekkje skotske folkemusikarar. Ho har også samarbeida med ulike forfattarar som Ragnar Hovland, Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez. Ho debuterte som soloartist i 2010 med plata «November», som fekk gode omtalar. Annlaug har vore engasjert som musikalsk konsulent og pedagog hjå Fargespill. I 2014 har ho turnert på Vestlandet med den suksessrike kabareten Dar kjem dampen, basert på Ivar Medaas sitt univers.

Mari Skeie Ljones er spelemann frå Lillehammer med utdanning frå Noregs Musikkhøgskule. I dag er ho frilans musikar med base i Oslo. I 2014 er ho blant anna aktuell som musikar i dansekompaniet Kartellet, ho spelar Prøysen med Camilla Granlien og gir ut plate med Janne Hea og Torgeir Waldemar. Mari underviser på Ole Bull Akademiet på Voss, og er fele- og hardingfelelærar i Oslo musikk- og kulturskole, og har erfaring frå å turnera i skulen med Riksskonsertane/DKS i Niteroi (Brasil), Rogaland, Vest-Agder og Nordland.  Mari er initiativtakar til og komponist i prosjektet Spring du fela, spring du pennen der seks norske forfattarar (Anna Kleiva, Sigrid Sørumgård Botheim, Cornelius Jakhelln, Mette Karlsvik og Torbjørn Ljones) har skrive nye tekstar inspirert av folkemusikkforteljingar frå Gudbrandsdalen. Ho har tidlegare jobba med forfattarar som Stig Sæterbakken og Ove Røsbak, og har vore med på innspelingar med blant anna Jon Eikemo, Eli Storbekken, Erik Lukashaugen og Anton Ruud & The Wrong Way Home. 

Meir om Per Olav Kaldestad kan du lese på sidene til Samlaget.

Publikumskommentarer