Tilbake
Espen Terjesen
Espen Terjesen
Espen Terjesen
Espen Terjesen
Espen Terjesen

Eit annleis teikneseriekurs - H19

Nokre kan gjerne oppleve det ein kan kalle teiknevegring. - Ein blir over måte medviten eigne teikneferdigeiter, og slutter kanskje å teikne. 

Eit annleis teikneseriekurs ufarleggjer teikning ved å leggje vekt på det som ligg bak teikningene: eit heilt unikt, visuelt språk. Teikneserier handler om mykje meir enn "flotte" teikninger!

I dette teikneseriekurset lærer elevene mellom anna om historia til teikneseria som medie. Dei lærer om ikoner og symboler, korleis ein lager figurer av enkle og/eller tilfeldige former og historier. Elevene får også prøve profesjonelt teikneserieutstyr. 

I Eit annleis teineseriekurs lærer ein å "skrive" historier med teikninger. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Espen Terjesen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Espen Terjesen (f. 1979) er utdanna litteraturvitar. Han har òg bakgrunn i illustrasjon og grafisk design. Dei siste åra har han undervist ved Universitetet i Bergen og på barneskular, parallelt med at han teikner illustrasjonar og teikneseriestriper for avisar.

http://espenart.com/

Her er lenkje til meir informasjon om kurset, både for elevar og lærere: www.espensseriekurs.no 

Publikumskommentarer