Tilbake
livlagaanimasjon
Ingvill Kvinge

Skyggedans - H19

Skyggedans byr på ein dag med cut-out animasjon i stor skala der berre kreativiteten set grenser.

Elevane vert introduserte for animasjon og korleis det fungerer i praksis. Dei lagar einsfarga silhuettar av eigne kroppar med ledd som kan animerast. Skulen sin arkitektur vert bakgrunn og lerret for «skuggeelevar» som trassar alle dei fysiske lovane.

Verkstaden varar i 4 timar og vert avslutta med ei felles filmvising.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Liv Laga animasjon og illustrasjon

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ingvill Kvinge og Anna Munck er utdanna animatørar ved Høgskulen i Volda og er i dag busett i Bergen. Etter å ha jobba i ulike filmproduksjonsselskap har dei starta opp animasjonsføretaket Liv Laga Animasjon og Illustrasjon. Dei fokuserer i hovudsak på animasjonsverkstader for barn og unge. 

Liv Laga Animasjon og Illustrasjon har hatt fleire verkstader i regi av Hordaland fylkeskommune, Den kulturelle bæremeisen, Barnas Kulturhus og kulturkontora i Bergen. Føremålet er å gje eit innsyn i animasjonsverda, å aktivisere, inspirere og bruke det som læringsmetode. Samstundes kan ein vere eit talerøyr for menneske i ulike situasjonar. Animasjon er eit spennande verktøy, ei non-verbal uttrykksform som kan vere abstrakt eller konkret. 

Publikumskommentarer