Tilbake
Wan Hsi Li

Månelyst - teikne etter eventyr - H19

Denne teikneverkstaden startar med at elevane får høyre eit kinesisk eventyr fortald av formidlar Sissi Li. Elevane skal gjennom ulike teikneteknikkar lage bilete som tek for seg kvar del av eventyret.

Forteljinga vert skapa på nytt når elevane sine teikningar kjem opp på veggen i rekkefølge, lik ein teikneserie. Rommet endrar seg til eit galleri og verkstaden vert høgtideleg avslutta med opning av utstillinga. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Geir Moen og Sissi Li

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Geir Moen er teikneserieskapar og illustratør. Han står bak fleire teikneseriar frå dei siste tjue åra,  mellom anna Peer Gynt.

Sissi Li er utdanna forfattar med formidling frå Norsk Barnebokinstitutt.

Publikumskommentarer