Tilbake
camera obscura
Marianne B. Bøyum
Helen Petersen

Eit magisk møte med lyset H19

Elevane får ein dag med praktisk møte med forming, naturfag, fysikk, kjemi og... magi.

Kva skapar biletet vi får i eit kamera? Sjølve magien ved fotografiet som forlengst er forsvunne i den digitale verda.

Elevane bygger sitt eige kamera i papp (ferdig utstansa, sett saman med tape). Dei fotograferer eit bilete på fotopapir, og får vera med når me framkallar i mørkerom. Dette papirnegativet lagar eg eit positivt bilete av. Å sjå sitt eige bilete dukke fram på det kvite papiret er sjeldan i våre dagar. Elevane er aktive deltakarar heile vegen, får sjå at ein kan lage bilete ved hjelp av eit kamera dei har laga sjølv, og som verken har linse eller er digitalt. I tillegg får dei oppleve resultatet av møta mellom lys, sølv og kjemi. 

I opplegget er elevane aktive. Dei sit ikkje berre og høyrer og ser, men deltek reint fysisk. Kunst og handverk, fysikk og kjemi i kombinasjon. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Øyvind Hjelmen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Øyvind Hjelmen er billedkunstnar og fotograf. Han har hatt utstillingar i 14 land og er innkjøpt i private og off. samlingar i inn - og utland. Han er utdanna fagfotograf, og har BA i moderne kunst og estetikk ved UiB.

Hjelmen har arbeid med prosjekt for DKS i 10 år, og har undervist på alle nivå opp til univiversitet og fagskular.

Publikumskommentarer