Tilbake
Th'Line
Th'Line
Th'Line
Th'Line

Meg, Meg og Meg V20 (Th´Line)

I framsyninga Meg, Meg og Meg møter vi fire ulike figurar som eigentleg er ein og same person.  Dei fire personlegdomane møter einannan, og figurane utfordra kvarandre for å freiste å skjøne seg sjølv betre. Forma er leikande og sjangeroverskridande, og publikum får oppleve dans, tekst og song i kreative samanstillingar. 

Figurane i framsyninga er prega av prestasjonskulturen og freistar vere ei opphøgd utgåve av seg sjølve, symbolisert gjennom eit påfallande kostyme. Scenografien er i svartog  glinsnde teip frå over 900 vhs-kassettar hengjande frå stativ lik ein diger, svart foss av minne. All lyd og lys blir styrt frå scena av utøvarane og dei nyttar det aktivt som eit verkemiddel i relasjonar mellom figurane.

Formen er leikande; dei dansar, snakkar og syng, og nyttar assosiasjonar frå underhaldningskultur og smal scenekunst som dukkar opp om kvarandre det er mykje humor i framsyninga, publikum skal oppleve at dei er tekne vare på, og her er eksperimentering  med korleis ein kan nytte musikk for å skape identitet og lokke fram kjensler. Dei nyttar kjende songar, Silvola sin nykomponerte musikk og musikkforslag frå publikum.

Med framsyninga Meg, Meg og Meg ynskjer gruppa å bidra til at ungdom får ei inkluderande, positiv og inspirerande oppleving av eksperimentell og utforskande scenekunst. Gjennom å leike med form og sjangrar ynskjer dei å skape nyfikne for kva scenekunst kan vere, og motivere ungdomar til å skape noko sjølve.
Th'line ynskjer at ungdomane vil kjenne seg att i bileta og figurane dei skapar og får lyst til å setje ord på det dei har opplevd. 

Forslag til førebuing og etterarbeid:
Skriv frå utøvarane og nokre forslag til etterarbeid vil bli lagt som vedlegg til omtalen. 

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Th´Line

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Les meir om Th'Line på deira nettsider.

Publikumskommentarer