Tilbake
Hergel/Nomedal
Hergel/Nomedal

Lynfilm - Hvordan lage film på en-to-tre? - H19

Denne produksjonen er eitt av elevanes val - valt direkte til programmet av skuleelevar.

Stephan Hergel og John Håvard Nomedal tek elevane med i ein filmverkstad som spenner frå idé til ferdig klippa film på 4 skuletimar. Fokuset vil vere på sjølve prosessen; Å fortelje gjennom bileter i staden for ord. 

Verkstaden blir organisert i grupper på 4-5 elevar som jobbar med iPad:

1)  Introduksjon, teori og jobbing med manus

2)  Opptak (filming)

3)  Klipping

4)  Verdspremiere og evaluering.

Målet er at elevane etter verkstaden skal vite noko om filmatiske grep som kan nyttast for å uttrykke seg, om eit grunnleggande filmspråk og at dei får fremma kildekritisk sans.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Hergel film

Om kunstnar / utøvar / gruppe

John Håvard Nomedal er film/TV- og kulturarbeidar. Han har jobba som klippar på større film og TV-prosjekt for Nordisk Film og Tv, NRK og tv2, samt på mindre prosjekt som musikkvideoar, kortfilmar og reklamefilmar.

Stephan Hergel er filmregissør og produsent med brei erfaring innan spelefilm, teater og reklamefilm. Han har og jobba med filmformidling.

Publikumskommentarer