Tilbake
Sigrid Fivelstad
Sigrid Fivelstad
Sigrid Fivelstad

Kunst av kroppen V20

Kan vi kommunisere gjennom kunst?

Korleis kan vi bruke kroppane våre til å lage kunst, og korleis kan vi bruke kroppen til å fortelje noko?

I denne verkstaden får elevane saman med performancekunstnar Sigrid Fivelstad og regissør Helena Wik lage sin eigen performance. Performance kan kjenneteiknas som augeblinkskunst der ein utfører noko utan å vite korleis resultatet vert. Dette har sterke parallellar til borns leik. Til dømes evne til å førestille seg noko og improvisasjon.

Dagen byrjar med at Sigrid utfører ein performance, og når dei saman har funne ein ide eller tema klassen vil lage ein preformance rundt, frå dei ei innføring i prinsippa og metodane henta frå teater og biletkunst. Elevane jobbar vidare i grupper med god rettleiing frå Sigrid og Helena. På slutten av dagen viser dei det dei har jobba med for kvarandre.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Helena Wik og Sigrid Fivelstad

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Helena Wik er kunstnarisk leiar i teaterkompaniet Hennes Majestet med dramautdanning og bachelor i teatervitenskap. Til dagleg arbeidar ho som regissør og skodespelar.

Sigrid Fivelstad er utdanna kunstlærar ved Kunsthøgskulen i Bergen og jobbar som performancekunstnar. Ho har halde performance under Festspillene i Bergen og Ekstremsportveko på Voss.

Publikumskommentarer