Tilbake
Fredrik Rysjedal
Fredrik Rysjedal

Psst! - H19

Barn trivst godt når det er mykje lyd. Foreldra er ofte mindre begeistra; Demp deg! Skru ned! Ingen synging ved bordet! Konsertframsyninga Psst! handlar om lydane rundt oss.

Psst! følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit heilt døgn. Det startar som ein heilt vanleg dag. Etter kvart som timane går, vert skiljet mellom verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein transgalaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn på eit bad som fløymer over av vatten, og får bli med på togtur gjennom det ville vesten.

Kvardagslege ting som å ete frukost og å sjå barne-TV, vert gjort om til musikalske hendingar. Musikken, i samspel med dei levande illustrasjonane som vert vist på lerret bak på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå kvardag.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Psst! er komponert og regissert av to blad Øyvind, i samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei mest aktive trommeslagarane i Noreg, med bakgrunn i band som Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og JUNIP (Hegg-Lunde), og 1982, Håkon Kornstad Tenor Battle og Bly de Blyant (Skarbø). Begge har motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Som duo har dei jobba saman sidan 2001, og blant mykje anna gjort ei trioplate med Ståle Storløkken, samt ei rekke prosjekt for barn.

Publikumskommentarer