Tilbake
Cappelen Damm/Rune Markhus
Rune Markhus
Privat

Hockeysveis fører til dårlige rim V20

Siv Wyller fortel i boka "Hockeysveis fører til dårlige rim" om den forelska frisøren Lazze som klipper hockeysveis på alle i byen. Lazze er den store helten i byen, dansebandentusiast og sjarmør som gjerne snakkar i rim. I boka får Lazze problem på mange frontar. Men han veit råd: Han søker hjelp hos dansebandkongen Lasse Stefans!

Når Siv kjem på besøk i klassa, fortel ho frå boka og illustrerer med bilete og eigna musikk. Deretter får elevane ta del i ein skriveverkstad. Elevane får jobbe med ulike skriveøvingar inspirert av drama, improvisasjon og rørsle til musikk. Resultatet skal framførast munnleg eller gjennom teikning/tekst. Gjennom å nytte kostyme og prøve seg fram med opplesingsarena, vert det ufarleg og morosamt å syne fram for klassa. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Siv Wyller

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Siv Wyller er ein norsk forfattar født i 1974. Ho er utdanna ved Norsk Barnebokinstitutts forfatterutdanning, og ho har i tillegg ein mastergrad i Litteraturformidling frå Universitetet i Oslo.

Ho har gitt ut Sirkus Maxim (2016) og  Hockeysveis fører til dårlige rim (2012).  

Siv Wyller har turnert for DKS i ulike fylke sidan 2013.

Publikumskommentarer