Tilbake
Truls Horvei

Heavykatten V20

Vi er i øvingsrommet til eit band som ønskjer å spela tøff heavy-musikk. Men det er ikkje enkelt når dei ikkje har nokon til å spela på det flotte trommesettet.

Dette er eit musikalsk møte med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, som Roald Kaldestad har skrive fire bøker om. Forestillinga er laga av Kaldestad i samarbeid med musikarane Stig Lundblad Sandbakk og Roy Ole Førland. Den hadde premiere på Hamar i mai 2007, og har seinare blitt framført med stor suksess på skular i Hedmark, Buskerud, Hordaland, Rogaland og Troms. Den har også blitt spela på ei rekke festivalar, bl. a Litteraturfestivalen på Lillehammer, Bergenfest, bLest, SILK, Falturiltu, Tysnesfest, Litteratursymposiet i Odda og på Barnas Hus i Bergen

På denne framsyninga får elevane vera med på å bygge opp ein låt, med riff, akkordar og tekst. Dei får også innblikk i ulike musikksjangrar og kan få inspirasjon til å lese sjølv.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland fylkeskommune (Hordaland fylkeskommune)
  • Kunstnarar / grupper: Roald Kaldestad

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Roald Kaldestad er musikar og barnebokforfattar busett på Stord. Han har blant anna spela mykje saman Sigrid Moldestad, Odd Nordstoga og Storm Weather Shanty Choir. Som forfattar debuterte han med boka Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip i 2000, og seinare har han skrive tre bøker til om dei tre (u)venene.  Dei to første historiene har gått som høyrespel i Barnetimen for dei minste på NRK, og alle bøkene finst som lydbok på storytel.  I 2006 gav han ut biletboka Englefjell, saman med Øyvind Torseter, og i 2014 kom biletboka To hundre og sekstini dagar i samarbeid med Bjørn Rune Lie.
​​​​​​​
Roy Ole Førland er utdanna musikklærar ved Høgskulen i Volda. Han jobbar som musikar, musikklærar og komponist i Bergen. Han spelar med Lindy-Fay Hella, Heidi Marie Vestrheim, Hei Kalas, A boy Named Sue og lagar filmmusikk. Roy Ole har brei erfaring frå DKS og Rikskonsertane med produksjonane; HeavykattenTo Hundre og sekstini Dagar, HaikutronicsTimeFrå Hauge til HaikuHar du hørt det? og Hei Kalas.

Stig Lundblad-Sandbakk er oppvaksen i Ørsta på Sunnmøre og no busett i Øystese, Hardanger. Stig er til dagleg frilansmusikar, lydteknikar og låtskrivar. Han jobbar på arrangørsida som dagleg leiar i crew-firmaet PS! CREW BERGEN og som ansvarleg for booking og teknikk i Kunsthuset KABUSO i Øystese.

Publikumskommentarer