Tilbake
Jørn Lavoll
Jørn Lavoll

"Alt er lov" - V20 (Det Vestnorske Teateret )

Kaja (8 år) vil sparke fotball med gutane i friminuttet, men læraren hennar seier at det ikkje er så lurt. Han ber henne leike med dei andre jentene i staden.  

Ali (9 år) tør ikkje seie til nokon at han heller vil leike med  "LEGO-friends"  enn "Ninjago".  

Sophie (6 år) likar lommer. I dei kan ho samle alt mogleg spanande ho finn på vegen heim frå skulen, men tvillingbroren hennar, Tobias, har mange fleire lommer på sine bukser enn ho har på skjørtet sitt.  

Petter (5 år) elskar "Frost" og har fått ein kjempefin Elsa-kjole, men mamma seier at det er best om han berre brukar den heime.

Kvifor er det slik? Er det eigentleg reglar for korleis vi leikar ilag? Kva er lov og ikkje lov, og kven er det som bestemmer at det er slik? 

I "Alt er lov" møter vi skodespelarane Oda Alisøy og Lykke Kristine Moen. Dei utfordrar desse uskrivne reglane gjennom leik og song. Dei finn gleda i leiken der fantasien er utan grenser - om ein er jente eller gut har ikkje noko å seie. Kanskje gjer leiken det lettare å snakke om det som er vanskeleg? 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Vestland fylkeskommune (Hordaland fylkeskommune)
  • Kunstnarar / grupper: Det Vestnorske Teateret

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Lykke Kristine Moen frå Bergen og Oda Alisøy frå Florø er veletablerte skodespelarar som har medverka i mange produksjonar innan teater og tv.  Dei har tidlegare arbeidd saman på «Gubben og katten» og «Heime åleine» ved Det Vestnorske Teateret.

Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) er eit regionteater og vart etablert i 1988. Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk og har ei sterk satsing på bruk av ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. 



Publikumskommentarer