Tilbake
Vegard Markhus/Samlaget
Bjarte Bjørkum/Samlaget
Vegard Markhus/Samlaget
Øyvind Zahl

Full fart med Rine og Ravi H19

Framsyninga tek utgangspunkt i bøkene Epleslang og Full fart som kom ut i 2015 og 2016. Bøkene handlar om Rine, Ravi og Lærar-Knut, og dei situasjonane som kan oppstå når ein har ein lærar som meiner fred og ro er det kjedelegaste i verda.

Gjennom samtale vil forfattar Vegard Markhus gje elevane eit innblikk i tankar og arbeid som ligg bak bøkene. Bøkene vert lest med illustrasjonar på lerret, og det heile vert ramma inn av eit knippe nyskrivne songar: Lærar-Knut ville aldri ha godteke 45 min utan ein dose rockn`n roll og dans!

Lærarrettleiing

Det er ynskjeleg at elevane kjenner til songen "Rockesokk" før besøket. Songen finn de til høgre - under vedlegg.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Vegard Markhus er forfattar, illustratør og lærar. Han har vore på ei rekkje turnéar med bøkene. Bjørnar Sangolt er musikar (StMorritz, Trygve Skaug)  produsent og kulturskulelærar. Saman har dei gjeve ut barneplata Rockesock som dei mottok Spelemannsprisen for i 2019.

Publikumskommentarer