Tilbake
Aslaug Holm
Privat

Filmtalenter - V20

Målsettinga med Filmtalenter er å la elevane lære og erfare det grunnleggande innan filmproduksjon på ein praktisk måte. Gjennom filmkurset får dei stimulert og utvikla evner som kommunikasjon, samarbeid, språk og kreativitet, og evne til å fortelje si eiga historie.

Dette kurset gir elevane på ein engasjerande og aktiviserande måte eit innblikk i korleis ein film vert til. Etter end skuledag vil elevane ha vore borti:

- Korleis førebuinga fungerer
- Bruk av kamera for å fortelje historier med levande bilete
- Bruk av ulike vinklar og utsnitt som verkemiddel
- Ulike roller innan filmproduksjon; Kva gjer regissøren, fotografen og skodespelaren?
- Korleis ein organiserer ein opptakssituasjon

Etter kurset vil elevane vere i stand til å lage eigne filmar, om så med mobiltelefon og gratis klippeprogram.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Olaug Spissøy Kyvik & Skjalg Molvær

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Olaug Spissøy Kyvik har filmutdanninga si frå Noroff Instituttet i Bergen og frå Prague Film School i Tsjekkia. Sidan ho vert uteksaminert har Olaug jobba som filmfotograf, regissør, klippar og manusforfattar. Fleire av filmane og dokumentarfilmseriane hennar har vert vist på NRK, TV2 og norske og utanlandske filmfestivalar.

Skjalg Molvær har allsidig filmerfaring både som produsent, klippar, regissør og fotograf. Han er utdanna ved Cleveland State University i USA og har jobbe med alt frå reklame til spelefilm. 

Publikumskommentarer