Tilbake
Cappelen Damm
Moment Studio

De døde ser deg - i overvåkningens tid

Kva er eit overvakingssamfunn?  Lever vi i eit overvakingssamfunn?

Korleis er det å vere ung i eit samfunn der inga hemmelegheiter er trygge, og der alle overvakar alle - også dei døde?  

"De døde ser deg" (Cappelen Damm, 2017) er ien futuristisk, overnaturleg thriller som handlar om overvakingssamfunnet og privatliv i den digitale kvardagen. Liv er ein nekromantikar, ein som kan mane fram spøkelse. Ein dag blir ho og ei gruppe ungdommar kidnappa av den unge gründeren Everest Brox, mannen bak nettsamfunnet Oculink. Han ønskjer å bruke spøkelse som spionar og på den måten samle informasjon om alt og alle.

Alexander Løken tek utgangspunkt i "De døde ser deg" og legg opp til drøfting av det aktuelle temaet, overvaking.  Han viser korleis tema er behandla i litteratur og film, (mellom anna i "1984" av George Orwell ),  gjenom historiske eksempel på overvaking - også i nyare tid - til meir gjenkjennelege eksempel frå ungdommen sin kvardag med bruk av internet og sosiale media.

Overvaking er eit brennheitt tema og ei av dei store utfordringane i vår tid . Forfattaren ynskjer å gjere elevane meir medvitne om temaet gjennom høgtlesing frå boka og samtale.  

Alexander fortell om korleis han jobbar, om inspirasjonskjelder og idéprosessen som ligg bak arbeidet med å skrive bøker for barn og ungdom.


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Alexander Løken

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Alexander Løken har omfattande turnéverksemd i DKS bak seg. Han er forfattar, illustratør og teikneserieskapar og er utdanna Art Director. Løken debuterte som barnebokforfattar i 2014 med Trollskallen og har sidan skrive fleire bøker for barn. Han fekk Bokslukerprisen 2015.

I 2017 kom Løken sin første roman for ungdom, De døde ser deg, ein futuristisk thriller som kombinerer overvakningssamfunnet med det okkulte.

Publikumskommentarer