Tilbake
Kristian Johnsen, Lillehammer Lyd og Lys
Line A. Thomassen
Line A. Thomassen

Bandi finner en baby til en mamma - V20

BANDI

Balita og Sarah kjem for å fortelje om Bandi. I denne historia vil han hjelpe venninna til mor si, Josephine med å få ein baby.  Historia er inspirert av Balita sin barndom. Han voks opp i Kongo med mor si som jobba som jordmor ved fødeavdelinga.

Lærarrettleiing

"Bandi finner en baby til en mamma"

Bandi elskar frukten mapera. Han rekk ikkje opp til maperaane i hagen, men på vegen til sjukehuset er det mange tre med låge og bøygde greiner. Sjukehuset er jobben til Mamma Bandi. Alle damene går dit med tunge bein og stor mage. Så kjem dei ut att med ein baby i armane. Men kvifor har ikkje Josephine, mamma si venninne henta ein baby enda? Bandi vil hjelpe til...

Bandi ser verda gjennom sine auge, og han lyttar med sine øyre. Frå under bordet kan han høyre latter, kviskring, skravling og tårar. Vi opplever verda gjennom Bandi sine sansar og ser med eit nytt blikk på rett og galt, mot og sårbarheit.

Til lærarane: Ver tilstades og lyttande under framsyninga. La barna uttrykke seg og kome med spontane reaksjonar. I etterkant kan de gjerne åpne opp til samtale om sjukehus og fødsel. Kanskje har barna hyørt historier frå då dei var i magen til mamma? Frå då dei blet fødd? Kanskje er nokon adoptert? Korleis reagerer dei på ”vaksenprat”? De kan også finne bilete og snakke om frukten «Mapera» som Bandi er så glad i, det er Guava. 

Det er lagt ved eit kart over sjukehuset. Vi oppfordrar lærarane til å utforske kartet saman med elevane før framsyninga.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sarah Camille Ramin Osmundsen
  • Idé/ opplegg: Sarah Camille Osmundsen i samarbeid med Turnéorganisasjonen for Hedmark

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Sarah Camille er poet, songar og forteljar. Ho har lang erfaring med å opptre i skular, barnehagar, ungdomsklubbar, festivalar, bibliotek og konsertscener. Samtidig held ho kreative verkstadar i poesi, song og forteljng for ulike grupper; som asylmottak, teatergrupper, krisesenter, fritidsklubbar. Ho har studert munnleg forteljing ved Høgskolen i Oslo og Skrivekunst og litteraturformidling ved Norsk Barnebokinstitutt. 

Balita Serge Buhendwa er produsent og songar. Han er med i gruppa African Sunz. Balita er frå Kongo og Rwanda. Han begynte tidleg å skrive tekster til hip hop beats. Etterkvart har han bevega seg i ulike musikalske landskap som reggae, blues, afro-beat og jazz. Balita er utdanna pedagog og møter barn og unge på skular, fritidsklubbar og asylmottak gjennom ulike prosjekt. Han har dei siste åra jobba med å skapa ein positiv og kreativ arena for barn og unge i Kenya og Rwanda, under prosjektet JUATOTO.

Publikumskommentarer