Tilbake
Bjørn Ståle Bratberg/Filmbin

Baluba Runa - frå idé til film til bok - H19

Manusforfatter Nick Hegreberg besøker skulen. Med seg har han kortfilmen Baluba Runa, som han har skrive manus til. Baluba Runa er ein internasjonalt prislønna kortfilm for barn der ein møter 8 år gamle Runa, ei samvitsfull jente med rik fantasi som blir overtydd om at ho kjem til å bli valdt til ny statsminister i Noreg.

I starten snakkar Nick om livet som forfattar og manusforfattar, korleis ein typisk kvardag ser ut og skilnaden på det å skrive bok og det å skrive for film. Han snakkar om vegen frå idé, via historie og manus, til film. Og han forteljer den underhaldande historia om korleis han fekk ideen til denne filmen frå ein kompis som var livredd ordføreren i Stavanger på 1980-talet. Nick viser elevane korleis eit filmmanus ser ut, og les høgt frå opningsscena. Heile filmen vert vist, og i etterkant diskuterer han og elevane filmen i lys av den opprinnelige idéen.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Broder Ord & Film, Nick Hegreberg

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Nicholas J. Hegreberg er manusforaftter og har utdannelse mellom anna frå Film- og TV-akademiet i Oslo/NISS. Han har skrive manus til ein rekke kortfilmar, m.a. barnefilmene Baluba Runa og De Tøffeste Gutta. Han er ein erfaren DKS-aktør, og har vore på turne i heile Noreg.

Publikumskommentarer