Tilbake
Gyldendal Forlag
Ingeborg Dirdal

Apollo - et lokomotiv på månen H19

"Apollo - et lokomotiv på månen" er eit forfattarbesøk med opplesing, forteljing og samtale, fantastiske historier og spennande heltar og inspirasjon. I 2019 er det femti  år sidan det første mennesket landa på månen. I Apollo får vi høyre den sanne historia om korleis dette gjekk til, og ikkje minst kva for ei rolle ein modelljernbaneprodusent i Norge hadde i månelandinga. For Neil Armstrong var slettes ikkje første mann på månen.

Den første som sette sine bein der var ein norsk gut på tolv år!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Forfattar Bjørn Ingvaldsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bjørn Ingvaldsen er ein forfattar med omlag 60 utgjevingar bak seg, og dei fleste er for barn og unge.  Han har lang erfaring som formidlar i DKS.

Bjørn Ingvaldsen har mellom anna arbeidd som journalist og ved Arkeologisk museum i Stavanger. I 1995 debuterte han med novellesamlinga "Landskap med gul Lada". I 1998 debuterte han som barnebokforfattar med "Stolpesko". Seinare ga han ut bøkene om den vandrande katastrofen Espen Herbert, som vart særs godt motteken av lesarane.

Bjørn Ingvaldsen fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 1998. I 2004 fekk han Arks barnebokpris for "Neivel, da", og i 2011  Rasmus Løland-stipendet. Ingvaldsen var leiar av organisasjonen Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere frå 2011 til 2017.  Boka "Apollo - et lokomotiv på månen" er prisbelønt.

Publikumskommentarer