Tilbake
Tiny Piano Trio 2019

Tiny Piano

Musikarane bak prosjektet TINY PIANO består av Inger-Kristine Riber på leiketøyspiano, Anne Goro Haugland på fiolin og Carmen Bóveda Hermosilla på cello. Stykket er laga særskilt for dei. Komponeringa er støtta av Det norske komponistfond. 

Leikepianoet har utvikla seg i fleire retningar, og me har idag ein stor variasjon i instrument, klangar og moglegheiter for kva dette vesle instrumentet kan by på. Ideen for dette prosjektet er å skapa eit fullverdig klassisk kammermusikkrepertoar for leikepiano.

For å gje ei god kammermusikalsk råme for dette instrumentet har me valt klavertrio som ensemble, då dette vil gje eit stort register å spela på.  
 
Begge komponistane har sagt ja til å skrive ny musikk med stor interesse då dette er ei instrumentering det finst veldig lite orginalt repertoar for. Slik har prosjektet også ei banebrytande råme innan ny norsk musikk.  
 
KNUT VAAGE OM SITT VERK "Leik": I trioen ”Leik” blir dialog og utforskning vektlagt. Musikarane blir med på å prøva ut rammene rundt verket. For å opna opp komponeringsprosessen, vil me gå i tett dialog under utprøvinga av materialet med mål om å utvikla ”Leik” til ein felles ståstad for komponist og utøvarar. Leiketøyspianoet blir utvida med kontaktmikrofon og ringmodulator, noko som framhevar det perkussive ved instrumentet, men også gjer høve til å ”strekka” klangen i retning av stykarane. Som avslutning blir speledåsar brukt med instrumenta som klangbotn.  
 
GLENN ERIK HAUGLAND OM SITT VERK "Alvor":  Alvoret held på å ete opp barndommen og ungdommen, og fleire føler seg utilpasse og utilstrekkelege. I musikkteaterstykket, «Alvor» vert det malplasserte og mistilpassa spelt ut gjennom det komiske og det tragiske. 
 
På podiet ser og høyrer vi tre vaksne som prøver å framføre eit større musikkstykke på mini-klaver, kvartfiolin og halvcello. Utgangspunktet er frustrerande og oppgåva nærast umogleg. Seansen er spekka av latterlege, vakre, stygge og såre augneblink. Det er påfallande vanskeleg for dei tre å få til velklang og tilfredsstillande musisering, men opp i alt det umoglege åpnar det seg andre lydar og klangar og ny innsikt. 
 
«Alvor» handler om mini-vaksne. Om barn som ikkje får nok rom til å vere barn. Om ungdom som ikkje får nok rom til å prøve og feile. Verket handlar om korleis ytre krav, forventningar og press fra sosiale media, dei vaksne, skule og samfunnet forøvrig pressar unge menneske inn i roller dei ikkje har føresetnader for å leve opp til.   

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer