Tilbake
Cover kunst: Animarie Hjelmerud/Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Du og jeg og vi 2 - 3 - 4 V20

Du og jeg og vi 2 – 3 – 4 er ein groovy barnekonsert som lærer publikum å klappe på 2 og 4!

Trioen har med seg sjølvskrivne låtar der ein mellom anna får møte Mr. Regnværssky som ikkje føler seg heime nokon annan stad enn i ørkenen, og gamle fru Rosenstrøm som ikkje er som andre fruer – ho pønskar nemleg på å rane banken (!). Låtane har stor sjangerbreidd; eksempelvis ei ballade om livet i havet, ein skikkeleg boogie-låt om promping (Fjerteprompeboogie) og ein folkemusikk-inspirert låt som heiter Skiløypeslått. Likevel er det ein raud tråd som går igjen, og det er eit ønske om å lære barn (og lærarar) å klappe på 2 og 4. Bli med på Klappjakt og klapp grooven på plass!


"Vi har eit litt humoristisk mål om å lære barna å klappe på 2 og 4, noko vi meiner er viktig i dag då mange foreldre klappar notorisk på 1 og 3. Det er også viktig for oss å fokusere på improvisasjon og fridom, og vi som er musikarar i prosjektet har alle høgare utdanning innan rytmisk musikk og improvisasjon - og likar å leike oss i det musikalske landskapet.

I 2015 ga dei ut si første plate "Krokodille i baksetet", og snart er dei klare med ei ny!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

JULIE FALKEVIK TUNGEVÅG spelar masse ulike tangentinstrument som piano, keytar, melodika og trekkspiel

Hun spelar også gitar og syng masse. Julie har studert musikk i mange år og jobbar som frilans musikar med artistar som Ine Hoem og Synne Sanden. Hun jobbar også som pedagog i Oslo musikk- og kulturskole. Likar: å symje i havet, bake bollar og å spele musikk. Favorittinstrument: Harpe!!

ELLEN BREKKEN likar seg best i bassavdelinga og sjonglerar mellom kontrabass, elbass og tuba. Ho syng også, og spelar gitar! Hun er med i eit band som heiter Hedvig Mollestad Trio, og spelar også masse musikk på teater i Oslo. Likar: Å sjå på tog, bade og å plukke bær i skogen Favorittinstrument: Trommer!!

ELISABETH MØRLAND NESSET spelar på alt ho kan slå på: trommer, klokkespel vaskebrett, triangel og cymbalar. Ho spelar i et rockeband som heter Phone Joan og med artistar som spiela mykje forskjellig musikk. Elisabeth har studert trommer lenge og har til og med ein mastergrad i trommer! Ho jobbar som frilans musikar og pedagog i Oslo musikk- og kulturskole og i Sande kulturskole. Likar: å slå på ting for å høyre kva slags lyd dei lagar, ete popcorn og sjå på fossefall.. Favorittinstrument: Triangel!!

Publikumskommentarer