Tilbake

Augneblinksmusikk

Ein "pop-up" konsert som skal kome overraskande på elevane. Ingen informasjon på førehand!

Tenk at ny musikk kan oppstå her og no, og at vi kan kommunisere gjennom musikken! Dette er ein heilakustisk, nærværande intimkonsert, som ein kontrast til vår digitaliserte kvardag. Kun 30 elevar per konsert.

Det blir leikande musikk med grooves, rytmar, gøye lydar som elevane sjølve er vant til å bruke, som å spele på slurva, klikke med tunga osv. Elevane får vere den loopmaskina vi gløymde å ta med oss, og vi dirigere dei på og av. Vi brukar også sangar som ungane kjenner godt, men i heilt ny musikalsk innpakning.

Vi ønskar at elevane skal hugse denne timen som eit nært, leikande musisk augneblink.

Lærarrettleiing

"Augneblinksmusikk" - ein intimkonsert for 2. og 3. klasse

Denne konserten skil seg nok frå andre skulekonsertar. elevane i 2. og 3. klasse vil møte musikarane til ein nærværande og intimkonsert, der eleveane vil medveke til å skape konserten - "eit nært leikande musisk augneblink" - Vi vil sende skulane nærare informasjon om opplegget for konserten i god tid på førehand

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bodil Rørtveit Lunde og HC Dalgaard
  • Idé/ opplegg: Bodil Lunde Rørtveit og HC Dalgaard

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Om Bodil Lunde Rørtveit:

Bodil Lunde Rørtveit er songar, komponist og musikkpedagog. Ho ønskjer å skape unike musikalske augneblink i felleskap med publikum. Bodil leikar med stemma på ein instrumental måte og skapar stemningar, rytmer og klangar med ein kjærleik for verdsmusikk. Ho brukar eit stort uttrykksregister og syng ofte utan ord, som i konsertforestillinga Sustain under Festspillene i Bergen 2017.

Om HC Dalgaard:

HC Dalgaard er utdanna jazzmusikar frå Griegakademiet, Cuba og New York, samt Ole Bull Akademiet, kor han dei siste åra har forsøkt å overføre feletradisjonen til gitar og trommer. Med base i Bergen jobbar han som frilansmusikar regionalt og internasjonalt med mellom anna solokonsertar på trommer og gitar,og som perkusjonist i bandet Wardruna. 

Publikumskommentarer