Tilbake
Christine Sandtorv
Christine Sandtorv

Stjerneteller H19

Stjerneteller er namnet på Christine Sandtorv sin musikkserie for born. Bergensmusikaren Sandtorv har fått Spellemannpris i klassa ”Beste barneplate” for to av platene i serien, og saman med det faste bandet sitt har ho spelt Stjerneteller-konsertar for born og familiar på festivalar og konsertscener rundt om i landet. Musikken og konserten er stemningsfull, utforskande, lærerik og involverande. Her blir det dans og moro, leik og alvor, og poplåtar av ypparste klasse – laga heilt spesielt for og til born.

Vi ønskjer at alle skulane som skal ha konsert stiller med eit kor,  til dømes ei klasse (mellom 10 og 30 elevar, alt etter kva som passar skulen og klassa best). Låtane koret er med på, er Blåse på, Kaos og Stjerneteller. Tekster og besifring ligg vedlagde her.  Sjå musikkvideo til Kaos til songen under "Lenker", og lytt til songane Blåse på og Stjerneteller under "Vedlegg". Koret er med oppe på scena saman med bandet. Les mer om korførebuingar under punktet "Merknad" på denne sida.

Lærarrettleiing

Valfrie oppgåver

Christine Sandtorv har sjølv teikna alle illustrasjonane. Ho har gitt Hordaland fylkeskommune lov til å dele dei med elevane. Print dei gjerne ut, slik at dei som ønskjer kan nytta dei til fargelegging. De finn dei under "Vedlegg" - Fargeleggingsoppgåver.

Til melodien Pappa danser disko utfordrar vi gutar frå 5. til 7. klasse til å lage sin eigen diskodans.  Kan hende får dei tips og idear ved å sjå på musikkvideoen til melodien. Ta kontakt med musikarane når dei kjem til skulen, dersom de har ei diskogruppe som ønskjer å framføre dansen under konserten. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Chrstine Sandtorv, Iver Sandøy, Inge Joakim Rypdal, Yngve Sætre
  • Idé/ opplegg: Produksjonen er tilrettelagt for skulekonsertar av Christine Sandtorv.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer