Tilbake
Trond W. Andersen
Theo Sikkes

Eit annleis forfattarbesøk - H19

Heksagon og Padde-Boboz handlar om den klønete heksa Heksagon og hennar beste og verste ven; klovnen Boboz.

Ein dag får Boboz eit brev frå sirkuset han ein gong jobba ved; Sirkusdirektør Krake vil at Boboz skal koma tilbake. Men viss Boboz reiser - kven skal være venen til Heksagon då? Sjalusiens grøne klør slår ned i Heksagon då Boboz fortel om klovnejenta Penny, som skal spele triangel medan han gjer sykkelkunster på sirkus. Korleis kan Heksagon forhindra Boboz i å reise? Framsyninga tek vare på  og formidlar den gode historia. Før framsyninga fortel forfattaren litt om det å vere forfattar, om å skape historier og om korleis bøker vert til.

Forfattaren av bøkene, Christin Grilstad Prøis spelar sjølv og har med seg musiker Pål Prøis. Dette forfattarbesøket inneheld mykje sang og musikk og er vel så mykje ei teaterførestilling. 

Framsyninga er basert på ein serie på fem bøker utgitt i leseløvekonseptet til CappelenDamm. 

Lærarrettleiing

Produksjonen oppfordrar til leselyst der målet er å få elevane til å lese meir. Heksagonuniverset er både alvorleg og morosamt og tek opp problematikk og tema som er kjend for målgruppa. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Kaos-operatørane

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Christin Grilstad Prøis har skrevet seks barnebøker, samt fleire serieromanar for vaksne. Christin er utdanna lærar, men har dei siste femten åra arbeidd frilans innan tekst, musikk og teater. Ho har vore produsent for sommerteateret «Piratbukta»  i Telemark, og forfattar/komponist av det historiske spelet «Den Gode Hensigt».

Pål Prøis er musikar og aktør, utdanna fritidspedagog og innan media/kommunikasjon. Saman med Christin har han turnert med «Heksagon» og piratframsyningar i 15 år. Pål spelar i ulike besetningar, driver sitt eiget lydstudio og er mellom anna produsent av lydbøker for Storytel.


Publikumskommentarer