Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Mhoo - H16
Produksjonsliste
Program

Mhoo - H16

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

 
Heime bra, men borte best

Hoo, hoooo – Hoo, hooo.. The rhythm of the train, leads me where to go…”
Musikken til Mhoo høyrest ut som om han er skriven på reiser til Nashville i USA, til Mexico, Cuba, Spania og Brasil. Det let som cowboyar i støvete solnedgangar, tog som køyrer gjennom flate kaktuslandskap, mexicanske trompetar, flamencokledde damer med svart hår og djupraude roser bak øyret. Mens gitarfingerspelet sprett lett og forventningsfullt av stad, er det spor av lengt og triste avskjedar i den tostemte songen med langtrekte tonar.

Snart kjem dei til skulen din! 

Sjå Mhoo spele i bilen sin:  http://vimeo.com/44514743

Lærarrettleiing

BRUK KONSERTEN I NORSK-UNDERVISNINGA

Kompetansemål i norsk 8. - 10. trinn:
"skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med grunngitte synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium"

Tips:
- La elevane skrive ei musikkmelding
Bruk nettsidene til P3 Lydverket eller kultursidene til avisene for å sjå ulike vis å melde musikk på.

Om utøvarar og produsentar

Rikskonsertene
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • I samarbeid med: Rikskonsertane
  • Idé/ opplegg: Musikarane og produsent Mathias Hilmar Iversen, Rikskonsertane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Mhoo skriv bra låtar heime, men aller best når dei er tusen mil unna kvardagane og kan sjå det store i dei små, enkle tinga. Dei kjem frå det ville Vestfold, og har hatt god fart frå musikklinja på vidaregåande, til landsfinalen i Ungdommens kulturmønstring, knallsuksess på by:Larm, debutplata Talking in the Streets, festivalar og konsertar rundt om i verda.


Medverkande

  • Miriam Kjølen (Song, gitar, trompet)
  • Oda Karoline Dahol (Song, gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Mhoo
Mhoo

Video/Lyd

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Mhoo - H16
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontaktperson turneplanHanne-Brit Iversen
Hordaland fylkeskommune
E-post: Hanne-Brit.Iversen@hfk.no
telefon 55239966
Programlengde
35 min.
Maks publikumsantal
200
Nedriggingstid
25 min.
Straum
16 A x 2
Merknad
PUBLIKUMSPLASSERING OG STOLOPPSETT:
• Musikarane bruker langsida av gymsalen, eller gjerne ein scene der det finst.
• Plasser elevane i vifteform, så nær scenen som mogleg. De kan få ein liten amfi-effekt ved å leggje ut matter fremst, deretter benker og til slutt stolar bakarst. På den måten blir det også lettare for alle å sjå scenen.
• Vi ber lærarane om å setje seg saman med elevane som publikum og såleis ta del i konserten saman med elevane, heller enn å stå på linje bakarst i lokalet.BEREHJELP:
• Musikarane treng hjelp av fire sterke elevar til å bere utstyr før og etter konserten.
Musikarane kjem ca. ein time før første konsert.KULTURKONTAKTEN:
• Bruk konsertinformasjonen og informer elevar, skoleleiing og lærarar om innhald og
praktiske opplysningar.
• Kulturkontakten må vere tilgjengeleg under besøket.
• Det er alltid hyggjeleg å bli møtt med ein kopp kaffi eller te når ein kjem til ein ny stad.
•  Rikskonsertane har god erfaring frå skolar som bruker elevvertar og elevarrangørar. Sjå www.rikskonsertene.no/eleversomarrangorer for meir informasjon.STRAUM:
• Musikarane treng tilgang til straumuttak, to gonger 16 ampere.
• Sidan Mhoo også har med ein liten lysrigg, er det fint om konsertlokalet kan blendast.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Rikskonsertene
Medverkande
  • Miriam Kjølen (Song, gitar, trompet)
  • Oda Karoline Dahol (Song, gitar)