Tilbake
Privat
Firda mediasenter

Filmhjelp.no - H19

Premisset for Filmhjelp.no er at alle kan lage film med det utstyret dei har sjølv eller får lånt. Heimesida er bygd opp med tanke på at ein mobiltelefon er det einaste elevane har tilgjengeleg, og elevane får sjå korleis dei kan lage film utan at det kostar noko.

Verkstaden startar med eit kjappt foredrag om filmteori. Etter det deltek elevane i ei kreativ økt kor dei kan utforme sine eigne idéar, og teiknar storyboard før dei realiserar filmane sine. Når filmane er redigert, er dei klare til framsyning.

I løpet av verkstaden vil kurshalderane ta føre seg dei mest grunnleggande trekka ved filmarbeid, og dei tek elevane med på ei reise frå idé til ferdig produkt. Filmhjelp.no er ei støtteside for ungdom om filmproduksjon og sida vil bli aktivt bruka under verkstaden.

«Å uttrykkje seg med levande bilete og forstå visuell kommunikasjon kan i dagens samfunn likestillast med å lese og skrive.» (St.meld. 38 (2002-2003): Den kulturelle skulesekken). Dette 10 år gamle sitatet har ikkje blitt mindre sant med åra, og digital teknologi er i dag ein viktig del av skulekvardag og fritid for elevar (og lærarar).  

I Kunnskapsløftet er digitale ferdigheiter ein av fem grunnleggande ferdigheiter, slik formulert i læreplanen for norsk:

"Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster. I denne sammenheng er det viktig å utvikle evne til kritisk vurdering og bruk av kilder. Bruk av digitale verktøy kan støtte og utvikle elevenes kommunikasjonsferdigheter og presentasjoner."

Liknande formuleringar finn vi andre læreplanar.

Den digitale revolusjonen har gjort filmmediet tilgjengeleg for dei fleste. Med enkle tastetrykk på ein smarttelefon eller eit kompaktkamera kan vi i dag filme med ein kvalitet som for få år sidan berre var mogleg for profesjonelle. Dette opnar for mange moglegheiter i opplæringa.

Filmhjelp.no vil vise korleis vi kan utnytte kvardagsteknologien til å lage film i ulike sjangrar og fag. Gjennom demonstrasjonar og praktiske øvingar vil elevane både få opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel, og bli tryggare både framfor og bak kamera. Skulane vil også få tilgang til ein støtteblogg med materiale som vil gje høve til å fordjupe seg i dei ulike sidene ved å lage film.

I St.meld. 48 (2002-2003): Kulturpolitikk fram mot 2014 heiter det: «Vurdert i høve til publikumsoppslutning på kino, video og fjernsyn er filmen det viktigaste kulturuttrykket i vår tid.» Opplegget Filmhjelp.no  er ledd i arbeidet for å gjere elevane meir medvitne dei moglegheitene filmen gir, og inspirerer til sjølvstendig utforsking av filmmediet.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: ALTERMARK TEATER
  • Idé/ opplegg: Utvikla av Mediesenteret, Firda vidaregåande skule

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Andreas Altermark er teaterinstruktør, filmregissør og produsent i eit filmselskap. Til dagleg arbeider han som dramalærar, og er utdanna dramapedagog frå Høgskolen i Bodø.

Geir Magne Pedersen er forfattar og dramatikar. Han har publisert over 15 teaterstykke og har også skrive kortfilm/novellefilm.


Publikumskommentarer