Frist for innspel

Frist for innspel til innhald i DKS-programmet for skuleåret 2020-2021

Frå 1. januar 2020 er Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune slått saman til Vestland fylkeskommune. DKS-programmet for skuleåret 2020-2021 planlegg vi saman.

Frist for å kome med framlegg til DKS-programmet for skuleåret 2020-2021 er 1. oktober. Programforslaga må meldast via ein ny, nasjonal portal: DKS-portal 

Prosedyrar for arbeidet med DKS-programmet vil bli handsama i Fellesnemnda 18. september. Detaljar i prosedyrane vil de finne på denne nettsida når vedtaket er fatta.