hordaland

Frist for innspel

Frist for innspel til innhald i Hordaland fylkeskommune sitt program for kunst- og kulturformidling i skulen er 1. oktober.

Hordaland fylkeskommune sitt program for kunst- og kulturformidling i skulen skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk og kulturarv. Programmet vert utvikla med bidrag frå Rikskonsertane og spelemidlar til Den kulturelle skolesekken.

Hovudmåla for Den kulturelle skolesekken i Hordaland er;

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod,

  • å leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag,

  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål

  • å gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne,

  • å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering.

Frist for innspel til innhald i programmet for eit skuleår er 1. oktober året før. Innspel som kjem inn etter fristen vil ikkje bli vurdert.

Nettbasert skjema finn de her: Skjema. (Er aktivt frå og med  september.)

Vi minner om at i tillegg til Hordaland fylkeskommune sitt program, har alle kommunane i Hordaland lokale DKS-program som skal fyllast. Ta kontakt med DKS-kontakten i den einskilde kommunen om dette.

Har de spørsmål kan de kontakte Charlotte Espeland (55239976), Kari Vik (55239971) eller Jørn Oftedal (55239948).