hordaland

Kulturkontakt

Kulturkontakten på skulen er det viktigaste bindeleddet mellom skulen og oss.

Det er kulturkontakten som møter utøvarane som kjem til skulen, og som er nøkkelpersonen for at besøket skal vera vellukka både for elevane, skulen og utøvarane.

Her er nokre tips til kulturkontakten, for at møtet skal vera vellukka:

  • De finn alt de treng å vite om kvart enkelt besøk her i KSYS. Dette gjeld informasjon om spelelokalet, førebuingar, lærarorienteringar.

  • Meld tilbake i god tid dersom det er behov for endringar i planen eller det er særskilde utfordringar vi bør vite om på dykkar skule.

  • Gjer informasjon og naudsynte førebuingar kjend for lærarane. Det er ofte deira oppgåve å førebu elevane. Leiinga og eventuelt vaktmeister må også få informasjon om besøket.

  • Sjekk om spelelokalet er ledig og eigna etter spesifikasjonar i omtalen. Sjekk også om utstyr som skal nyttast er i orden.

  • Utøvarane tek oftast kontakt nokre dagar på førehand for å avklare det praktiske/tekniske, til dømes bærehjelp, tilgang med bil m.m.

  • Det er gjerne første gong utøvarane vitjar skulen, då er det kjekt å bli tatt godt i mot. Snakk med dei og bli samde om gjennomføringa.

  • For at vi skal legge tilboda best mogleg til rette for skulen, er det viktig at elevtal, timeplanar og kontaktpersonar er oppdaterte i KSYS. Ta kontakt med oss dersom det som står i KSYS ikkje stemmar.

  • Vi stolar på at de legg tilhøva til rette for gjennomføringa på skulen, og hjelper oss med at det blir kvalitet i alle ledd.

  • Under For skular finn de lenkje til Elevar som arrangørar. Der finn de gode råd og tips.

Er de i tvil om noko er det berre å ta kontakt med oss.

Lukke til!