hordaland

Informasjon om fristar/ kommuneplanar

Alle kommunar må sende oss rekneskapsrapport, plan og rapport om tiltak.

Frist for innsending av rekneskapsrapport

Rekneskap frå kommunen for førre kalenderår skal liggje føre innan 1. april kvart år. Rekneskapsrapporten skal vera stadfesta av revisor. Dersom tildelinga ikkje er over kr 100 000, kan han ev. stadfestast av økonomiansvarleg i kommunen.

Vi gjer merksam på at dersom kommunen har overført spelemidlar direkte til grunnskulane, må kommunen likevel rapportera etter dei premissane som vert gjort gjeldande i tildelingsbrevet.

 

Frist for innsending av ny plan

Kommunane må til einkvar tid ha ein gjeldande plan. Dersom planen i dykkar kommune har gått ut, må de anten sende oss ein ny, eller vidareføre den de allereie har. Frist for innsending av plan er 1. juni kvart år.

 

Frist for innsending av rapport på tiltak

Kommunen skal kvart år sende elektronisk rapport om tiltak i kommunal regi førre skuleår.

Rapporteringa skal gjerast elektronisk innan 1. februar. Elektronisk skjema for rapportering finn de her: www.dksrapportering.no