Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Eventyret om Maja og den glemte musikken - H17
Produksjonsliste
Program

Eventyret om Maja og den glemte musikken - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Om produksjonen

Maja bur i eit land som er kaldt og stille, og slik har det vore så lenge ho kan hugse. Frå ho var lita har ho høyrt eit eldgamalt segn om den dagen den tjukke tåka kom og skugga for sola, og om dei kalde vindane som bles all glede ut av landet. Det var den same dagen musikken forsvann....

Maja gjer seg i veg for å finne att musikken, som var med på å gjere folk friske og glade. Men, då treng ho hjelp frå alle ho møter på si vandring!

Eventyret er skrive av musikarane sjølve - Torbjørn Netland, Edvard Mjanger og Mats Mæland Jensen. Dei er ganske barnslege til vaksne å vere, og vi håpar dei eldste elevane vil dele opplevinga i selskap med dei yngste!


Lærarrettleiing

Førebuingar

Det er ingen særskilte førebuingar til denne konserten, men for å styrkje konsertopplevinga ber vi om at

  • lærarar og elevar sit saman og deler opplevinga
  • de nyttar konsertinformasjonen til å informere elevar, lærarar og skuleleiinga om praktiske konsertførebuingar
  • de førebur elevane på innhaldet i konserten dei skal vere med på, for dei førebudda møta er ofte dei beste!

PRAKTISKE KONSERTFØREBUINGAR

  • Publikum sit på stolar, benkar eller matter i ei vifteform. Det er ikkje ønskjeleg at dei sit på golvet utan underlag!
  • Musikarane ønskjer vanleg plassering, midt på eine langveggen (ikkje motlys)
  • Straumuttak er naudsynt

NB! Til skular som har fleire enn ein konsert:
Vi ber om at de blandar aldersgruppene så godt som mogeleg. Til dømes kan de sende A-klassene på ein konsert og B-klassene på den neste. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Produsent: Wenche Gausdal
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsentEventyret er lest inn av Claus Sellevoll, og illustrasjonane er teikna av Gunvor Rasmussen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Det var ein gong tre musikarar som het Torbjørn, Edvard og Mats. Dei var så glade i eventyr at dei ville lage si eiga fortelling. "Eventyret om Maja og den glemte musikken" vart til ein mørk og kald vinterkveld då dei tre sat mutters åleine på ei hytte høgt til fjells. Sidan dei alle hadde jazzutdanning frå Bergen og Trondheim, kunne dei fargeleggje eventyret med rytmer, klangar og improvisasjonar. Og snipp, snapp, snute, så var ei forestilling i rute!


Medverkande

  • Torbjørn Netland (gitar)
  • Edvard Mjanger (kontrabass)
  • Mats Mæland Jensen (trommer)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Eventyret om Maja og den glemte musikken
Foto: Illustrasjon av Gunvor Rasmussen

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
For spørsmål om konsertplanen:Turnelegger. Hanne-Brit Iversen
Telefon: 55239966
Hanne-Brit.Iversen@hfk.noFor spørsmål om programmet:Produsent: Wenche Gausdal
Telefon: 55239965
Wenche.Gausdal@hfk.no
Programlengde
35 minutt
Maks publikumsantal
170
Arena / rom
Gymsal eller skulen sin samlingsstad
Berehjelp
Fint om 6 elevar frå 4. eller 5. klasse stiller som berehjelp
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
20 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Wenche Gausdal
Medverkande
  • Torbjørn Netland (gitar)
  • Edvard Mjanger (kontrabass)
  • Mats Mæland Jensen (trommer)