Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
FOLK til ROCK H17
Produksjonsliste
Program

FOLK til ROCK H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Dei beste instrumenta: Fele, gitar og bass.... og tre stemmer + dei beste låtane frå dei beste banda innan folkrock-sjangeren! 3 spelemenn ønskjer å dele sine musikalske høgdepunkt!

Opp gjennom historia har fela vore det viktigaste instrumentet i Norge, og Myllarguten og Ole Bull var store stjerner. Så dukka Rockefolket opp og blei større og meir moderne stjerner. Folkemusikarar og Rockefolk gjekk ei stund kvar sin veg. Men, rock treng folk, og folk treng rock, så etterkvart byrja dei å låne frå kvarandre. Dei byrja til og med å samarbeide. Rockeband spelte folkemusikklåter, og folkemusikarar spelte i rockeband. Saman vart dei dobbelt så gode!

Lærarrettleiing

KONSERTFØREBUING

Det er ingen særskilte førebuingar til denne konserten, men for å styrkje konsertopplevinga ber vi om at

  • lærarar og elevar sit saman og deler opplevinga
  • de nyttar konsertinformasjonen til å informe elevar, lærarar og skuleleiinga om praktiske konsertførebuingar
  • de førebur elevane på innhaldet i konserten dei skal vere med på, for dei førebudda møta er ofte dei beste!

PRAKTISKE KONSERTFØREBUINGAR

  • Publikum sit på stolar/benkar/matter i ei vifteform
  • Musikarane ønskjer vanleg plassering, midt på eine langveggen (ikkje motlys)
  • Musikarane treng berehjelp frå 6 elevar i 4. klasse
  • Straumuttak er naudsynt

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Produsent: Wenche Gausdal
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Øystein Fosshagen - fele, mandolin og song

Øystein kjem frå Bergen, og som liten gut starta han å spele fele. I 1985 vart det for første gong delt ut Spelemannspris i klassa ”Country”. Prisen gjekk til Cato Sanden, og med seg i bandet hadde han den unge musikaren Øystein Fosshagen. I dei siste åra har han turnert mykje med «Meget i sløyd», bandet til Øystein Sunde.

Ole Reinert Berg-Olsen (Orbo) - gitar og song

Han voks opp like ved Edvard Grieg sin heim, Troldhaugen. Om somrane krydde det av turister der. Då han var 5 år, hadde han lært seg å spille litt gitar, så han stilte seg opp og underheldt turistane langs vegen til Troldhaugen, og sånt vart det lommepengar av! Ein del år seinare starta han rockebandet Orbo and Longshots, og dei ga ut heile 6 album. I september kom den nye solo-plata hans -  «Safe and sound».

Anders Bitustøyl - bass og song

Anders kjem frå Telemark. Han likte særs godt blokkfløyte då han gjekk på barneskulen og hadde gjerne 10-12 fløyter i sekken. Det er nok difor han er blitt so god bassist. Berre spør Ephemera, Karin Park eller Odd Nordstoga! Han har vore fast rulleskøytetårn med Ylvis i 3 år og likar seg godt i danseband.


Medverkande

  • Øystein Fosshagen (Fele, mandolin og song)
  • Ole Reinert Berg-Olsen (Gitar og song)
  • Anders Bitustøyl (Bass og song)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Folk til Rock
Foto: HFK
Øystein Fosshagen
Orbo (Ole Reinert Berg-Olsen)
Foto: Vidar Langeland, BA
Anders Bitustøyl

Publikumskommentarar:

1

Kjempebra konsert! Musikken gjorde at jeg fikk lyst til å danse.
Skrive av Even (Ulsmåg skole, 3) - 26.11.2014 16:32
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Turnélegger Hanne-Brit Iversen
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
Tlf. 55 23 99 60/55 23 99 66
E-post: Hanne-Brit.Iversen@hfk.no
SPØRSMÅL OM PROGRAMMET
Produsent Wenche Gausdal
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
E-post: Wenche.Gausdal@hfk.no
Tlf.: 55 23 99 65 / 97 68 76 36
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
150
Berehjelp
Fint om 6 elevar frå 4. - 7. klasse stiller som berehjelp
Oppriggingstid
35 min.
Nedriggingstid
20 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Wenche Gausdal
Medverkande
  • Øystein Fosshagen (Fele, mandolin og song)
  • Ole Reinert Berg-Olsen (Gitar og song)
  • Anders Bitustøyl (Bass og song)