Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Hagen - skuleåret 17/18
Produksjonsliste
Program

Hagen - skuleåret 17/18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Hagen er eitt av ni kunstprosjekt som fekk støtte av prosjektet INK 2013. INK er en forkorting for inkludering, og viser til fokuset på å skape kvalitetsproduksjonar for og med barn og unge med spesielle behov.

Prosjektet er utvikla slik at det rommar alle, og aktivt inkluderer elever med spesielle behov. Hovudmålet er å fremme individuell og kollektiv kreativitet, å skape medeigarskap, å stimulere til samarbeid mellom alle deltakande parter og å utvikle samhandling og sosial kompetanse. Prosjektet strekkjer seg minimum over 6-8 dagar, og gir rom for fordjuping og utprøving, sentralt for eit demokratisk kunstprosjekt der alle kan møtast som likeverdige parter.

Ønsket er å inkludere alle, sjølv om prosjektet særleg er retta mot barn med spesielle behov. Dette krev samarbeid, engasjement, medeigarskap og gjennomføringsvilje. 

I motsetning til andre produksjonar er det i dette tilfelle sendt ut invitasjon til deltaking til kommunar og skular. Fristen for tilbakemelding var 19. juni 2017.

Alt etter kor stor interessa er, vert det valt ut nokre skular som får prosjektet. Sjølve gjennomføringa vert våren 2018. Som de vil sjå kan skulen sjølv vere med på å avgjere kor stort omfang prosjektet skal ha, og kor mykje de vil jobbe på eigenhand når utøvarane ikkje er til stades. 

Hagen
«Et sølvskimrende blått nett renner som en elv gjennom landskapet. Den omslutter trær og bygninger på sin vei - dekker asfalt, grus og betong og danner en fremmed men vakker ramme om en “kunstig” hage fylt med objekter laget av resirkulerbar plast. Skolens, stedets og husholdningenes plastavfall «gjenfødes» midlertidig som skulpturer i den blå hagen til den dagen hagen og dens vekster igjen vender tilbake til kretsløpet av plast og returneres til gjenvinning.

I denne nye, midlertidige Hagen skaper elever, lærere og skolens administrasjon en kollektiv, unik hage. Hagen er stedsspesifik og med sin skimrende blåfarge og uvanlig innhold skiller den seg fra naturen og arkitekturen som allerede befinner seg der. Kanskje vil den også inneholde et overskudd av hittill nye og ukjente vekster, insekter og dyr? En annerledes hage med rom for det spesielle, initiert, designet og produsert av barn og barn med spesielle behov i samarbeid med kunstnere og skolens personale.
»

Under Ressursar finn de invitasjonen som er sendt til skulane.

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Kunstpilotane André og Annette Marandon
  • I samarbeid med: Les mer om SEANSE og INK 2013 her: www.seanse.no

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Både saman og kvar for seg har kunstpilotane Annette og André Marandon realisert ei rekkje kunstproduksjonar for og med barn.

Annette har erfaring som formidlingsleiar og formidlingskonsulent frå fleire kunst- og kulturinstutsjonar i Bergen, og som kurator med utstillingar for dei minste på Barnas kulturhus.

Som kunstnar har André erfaring med stadspesifikke og sosiale kunstprosjekt i det offentlege rom, i tillegg til å ha gjennomført kunstprosjekt for og med barn og personale i ulike barnehagar i Bergen. I desse prosjekta står brukarmedverking sentralt - barna vert inkludert frå og med idéutviklingsfasen.

I samarbeid har dei to produsert og formidla fleire sanseutstillingar og kunstlaboratorium som også har vore besøkt av barn med spesielle behov. Dei har sett at spesialskular gjerne vel å ta med barna på utstillingar og prosjekter med rom for sansedeltaking og verkstader med låg terskel, der barna både kan oppleve og skape, og der dei vaksne som er med sjølv deltek i aktivitetane.


Medverkande

  • Kunstpilotane André og Annette Marandon
  • Annette Marandon (Kunstpilot)
  • André Marandon (Kunstpilot)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Hagen
Foto: André og Annette Marandon
Hagen
Foto: André og Annette Marandon
Flaggdag - Hagen
Foto: André og Annette Marandon
Workshop på Foldrøy skule
Foto: André og Annette Marandon
Workshop på Skarveland skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Skarveland skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Skarveland skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Skarveland skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Skarveland skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Skarveland skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Skarveland skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Skarveland skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Folderøy skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Folderøy skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Folderøy skule
Foto: André og Annette Marandon
Frå prosjektveke på Folderøy skule
Foto: André og Annette Marandon

Publikumskommentarar:

1

HAGEN er eit omfattande, spennande, lærerikt og knakande godt prosjekt!!! Anette & Andre er verkeleg flinke! Grundig planlegging, gode formidlarar både overfor vaksne og born, entusiastiske, inspirerande, fulle av energi og godt humør. Både vaksne og born syns prosessane var lærerike og kjekke, og mange elevar "fekk ei flott oppblomstring" gjennom prosjektet!
Skrive av Leif Inge Eide (Dale barne og ungdomsskule, 1-7) - 4.6.2015 14:53
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 1 - 10
Turnéplan: Hagen - H17
Praktisk informasjon
Arena / rom
Fleksibel lokalitet, gjennomføring både inne og ute
Er workshop
Ja
Merknad
Prosjektet er særleg retta mot barn med spesielle behov. Ønsket er å inkludere alle, dette krev samarbeid, engasjement, medeigarskap og gjennomføringsvilje.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Annette Marandon (Kunstpilot)
  • André Marandon (Kunstpilot)